Hopp til innhold

Full forvirring om stogg i laksefisket

Avgjerda frå Miljødirektoratet om stans i laksefisket skapar forvirring. – Vi forstår ikkje kva dei meiner, seier leiar i elveeigarlag.

Kåre Teigland og Kevin Eikrem ved elvekanten

STRAMMAR INN: – Det er heilt herleg, det er litt av ein oppleving å få sitte her i elva og nyte tilværet, seier fiskar Kevin Eikrem. Fiskaren må belage seg på å avslutte laksefisket tidleg denne sesongen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

I førre veke sende Miljødirektoratet ut ei pressemelding om at laksefisket skulle stoggast to veker før normal tid i elver i Nordfjord i Vestland.

Vanlegvis går laksefiske ut august. Men i breva som elveeigarar har fått, er det ikkje like enkelt å vite kor tid det er slutt på laksefiske i 2021.

I forskrifta som pressemeldinga viser til står det svart på kvitt at laksefiske er lov fram til 31. august.

I ei anna utgåve av forskrifta som er sendt ut står datoen 17. august.

– Kva tid er det stogg i fiske?

Ved den idylliske lakseelva i Gloppen sit fiskekontakt Kåre Teigland og lurer på kva som er rett dato.

– Det skapar ein del forvirring for oss som skal tilby elva til folk som skal fiske.

Teigland har gjentekne gonger prøvd å kome i kontakt med direktoratet. men utan hell. Han synest også det er rart at grunneigarane ikkje blei varsla av Miljødirektoratet på førehand.

Liknande forvirring er knytt til elva Kong Harald kallar si "andre Dronning", Lærdalselvi. Denne elva er stengt for laksefiske i år, likevel står det i pressemeldinga at laksefiske skal stogge i august.

– Dette må vere ein feil, seier formann i elveeigarlaget i Lærdalselvi, Ola Petter Bøe.

Kåre Teigland med dokumenta frå miljødirektoratet

FORVIRRING: I handa har fiskekontakt ved Gjengedalsvassdraget Kåre Teigland Teigland to brev. I det eine står det at elva skal stengast for fiske 17/8 og den andre at ho skal stengast 31/8.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Snike seg inn ein feil

Prosjektleiar på fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, Jarle Steinkjer, seier at det her har snike seg inn feil i forskrifta.

– Eg skjøner at dette har ført til ein del uro og forvirring, seier han.

Feilen blei oppdaga same dag, men rettinga har ikkje nådd ut i alle. Direktoratet har no teke tak i saka.

Vanlegvis tar Miljødirektoratet kontakt med grunneigarane på førehand knytt til ekstraordinære tiltak.

– Det er sjølvsagd veldig beklageleg om det er nokon som føler seg utelatte i avgjerdene. Alle som blir råka av ny regulering skal få melding på førehand, seier han.

Jarle Steinkjer

MISFORSTÅING: Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet skjøner at feilen i forskrifta har ført til rådløyse.

Foto: Øystein Økter

Særs lite villaks

Avgjerda om avgrensa laksefisket er basert på data frå vassdrag i områda henta frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).

– Lågt innsig av villaks har vi sett i ei årrekkje no, seier Steinkjer.

Tala tyder på at lakseinnsiget har halvert seg samanlikna med gjennomsnittet i perioden mellom 2016 og 2019, ifølge Miljødirektoratet.

I Sør-Varanger har jeger-og fiskeforeininga stengt fisket i fleire elver grunna liten laksebestand.

Jarle Steinkjer fortel det er mange faktorar som speler inn på at villaksbestanden ser ut til å minske i vassdraga i Noreg.

– Det kan vere dårlege forhold og oppvekstvilkår i elvene, men også forhold i sjøen grunna auke i lakselus, seier han.

I Gloppen aksepterer Teigland at laksefisket blir avslutta før tida, men han ønskjer samtidig betre dialog om tilstanden i lakseelvene i lag med Miljødirektoratet.

– Vi er sjølvsagt interessert i å ta vare på laksen, seier han.

Avgjerda tyder at laksefisket i elvene i Nordfjord og Namsfjorden i Trøndelag blir avslutta 17. august. For Namsen og Salvassdraget vert kvota redusert.

Kåre Teigland fiskekontakt i elveeigarlaget Gjengedalsvassdraget.

FISKESTOGG: Fiskekontakt i Gjengedalsvassdraget Kåre Teigland er usikker på om tala Miljødirektoratet nyttar også gjeld for elvene i dette vassdraget.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Retting tysdag 27.juli klokka 11.30: I ein tidlegare versjon av artikkelen skreiv vi att fiske i Namsenvassdraget vert stengt 17.august. Det er feil. Sesongen forset til den 31.august, opplyser elveeigarlaget.