Hopp til innhold

Full evaluering etter togstans

Jernbanedirektoratet har bede Vy om ei forklaring på hendinga som førte til at eit tog blei ståande straumfast i ein tunnel på Bergensbanen i september. Passasjerar reagerte overfor NRK på dårleg informasjon og naudtoaletta som blei tekne fram. Direktoratet har i dialog med Vy tog fått opplyst at hendinga rutinemessig vert følgt opp internt ved at selskapet, ved køyrande personell, trafikksikkerheit og transportleiing, «evaluerer hendingsgangen og noterer potensielle forbetringar og læringspunkt», opplyser kommunikasjonsdirektør Ruth Høyland Jønsrud til NRK. Utover dette vil ikkje direktoratet, som er oppdragsgjevar for Vy, foreta seg noko.