Hopp til innhold

Fugleinfluensa påvist på rev – ber hunde- og katteeigarar vere på vakt

For første gong er fugleinfluensa påvist hos andre artar enn fuglar i Noreg. Eigarar av kattar og hundar må passe på, oppmodar Veterinærinstituttet.

SMITTA: Desse revane viste seg å vere smitta av fugleinfluensa.

SMITTA: Desse revane viste seg å vere smitta av fugleinfluensa.

Foto: Mattilsynet

Fleire revar i Vestland viser seg å vere smitta av fugleinfluensa.

Det er første gong i Noreg at viruset er å finne på andre artar enn fuglar.

– Dette er eit alvorleg signal, seier Anne Marie Jahr, seksjonssjef i Mattilsynet.

Ho seier det er sjeldan at andre dyr og menneske kan bli smitta av viruset, men at det er alvorleg at det kan skje.

Det var tidlegare i juli at Mattilsynet fekk melding om sjuke revekvelpar i Stad kommune.

I tillegg blei det også teke prøve av ein rev i Kinn kommune, og alle dyra viste seg å ha fugleinfluensa.

Kan bli alvorleg

– Dette var som forventa, seier Knut Madslien, vilthelseansvarleg i Veterinærinstituttet om smitten på raudrevane.

Han viser til at fugleinfluensa for tida herjar hos fuglen, og at rovdyr som et desse fjørkledde skapningane kan få i seg virus som fører til sjukdomen.

Dette har skjedd i fleire nordiske og europeiske land allereie.

No står ei rekkje andre dyr i fare for å bli smitta av viruset. Rovdyr som kan tenkjast å ete villfugl har størst risiko. Til dømes gjeld dette oter, ilder, grevling, gaupe og sjøpattedyr.

– Det er eit stort artsspekter som kan bli smitta, og ein del av dei kan døy, seier han og legg at dei ikkje er bekymra for at nokre av artane skal døy ut på grunn av viruset.

Knut Madslien

Det var venta at viruset kunne smitte over på andre dyr, seier Knut Madslien, vilthelseansvarleg i Veterinærinstituttet.

Foto: Eivind Røhne

Mellom anna gjeld dette reven, som er ein talrik art.

Verre er det då om fjellreven, som er truga at utrydding, blir smitta.

– Då kan alvorsgrada vere høgre. Men fjellreven lever på fjellet, og det er færre smitta fuglar her, seier han.

Også blant nokre kritisk truga sjøfuglar er det frykt for at viruset kan bli alvorleg.

Dersom folk ser daude fuglar eller rovdyr med avvikande åtferd, må dei melde frå til Mattilsynet. Typiske teikn kan vere dårleg balanse, at dyra går i ring eller har hovudet oppe i lufta.

Pass på hunden og katten din

Så langt er det ikkje påvist fugleinfluensa blant kjæledyr i Noreg, men det finst kjente tilfelle frå andre delar av Europa.

Madslien ber hunde- og katteeigarar følge med og halde kjæledyra unna daude dyr.

– Kattar og hundar kan ein sjeldan gong bli smitta av fugleinfluensa. Det er også eit generelt råd å ikkje la kjæledyra ete daude fuglar, og særleg ikkje om dei er sjuke, seier han.

Mellom anna kan kattar få i seg salmonella, som er utbreitt blant ville fuglar.

Fugleinfluensa kan smitte frå fugl til menneske. Men dette skjer svært sjeldan, seier Marie Jahr, seksjonssjef i Mattilsynet.

Men som eit føre-var-prinsipp anbefaler Mattilsynet at folk tek nokre forholdsreglar.

– Vi ber alle om å la sjuke og daude fuglar vere i fred. Ikkje ta på dei. Ikkje ta med deg ein sjuk fugl heim for å stelle den eller gi den mat, seier Jahr.