Fugleentusiasten

Blant vårfuglane finn Jan Helge Løvik ro - og uro.

Sidan han var liten gut, har fuglar vore ein stor del av livet.

Som ein trekkfugl kom han til Sogndal på 70-talet for å jobbe. Så møtte han kona si og bygde reir. Heile tida har han dyrka interessa for fugl.

Hobbyen krev at han er merksam på det rundt seg. Syn og høyrsel er viktig.

Jan Helge kjenner lett att raudvingetrosten. Den er vanleg å høyre om våren, og kvitrar for full hals.

Årevis med øving gjer at han lett kan skilje trasten sin song frå dei andre lydane i skogen.

Men bak småfuglane sine vårsongar, høyrer Jan Helge noko ulme.

– Eg er uroa for dei som kjem etter meg. For at vi bygger ned natur og industrialiserer landbruket. For måten vi «durar fram» på.

Jan Helge Løvik

For fugleentusiasten handlar hobbyen vel så mykje om å omgi seg med naturen, som å sjå ein spesiell fugleart.

Likevel har éin fugl i alle år vore vårmarkøren over alle vårmarkørar: staren.

– No er det knapt ein einaste igjen å sjå.

Jan Helge Løvik

Sidan tidlig 2000-talet har starebestanden gått ned cirka 29 prosent her i landet.

Fuglen har status som nær trua på raudlista over artar i Noreg.
I Sverige har bestanden nær halvert seg dei siste 15 åra.

– Den store frykta er at naturen skal vere i ulage.

Jan Helge Løvik

Eit anna ulage plagar Jan Helge.

Han har fått grøn stær. Ironisk nok.

– Då er det godt at eg høyrer som ein rev.

Og no har han høyrt noko.

Kikkerten er raskt på plass. Han blir entusiastisk.

– Utruleg! Der sit det eit starepar. Det har eg aldri sett her i skogen før.

Jan Helge Løvik

Staren held som regel til i ope kulturlandskap, og ikkje i tett skog.

Men nye driftsformer i landbruket fører til endra oppførsel.

– Måten vi driv landbruk på er den store utfordringa når det gjeld staren. Beitemark og gamal kulturmark vert ikkje nytta og gror til.

Nils Christian Bjørgo, BirdLife Sogn og Fjordane

Dagens oppdaging har i alle fall tent eit lys hos fugleentusiasten.

Han kjem til å følge med på stareparet.

– Ein må ikkje miste håpet.

Jan Helge Løvik

Kjelder:

Artsdatabanken, Norsk institutt for naturforsking (NINA), dr. Terje Lislevand ved Universitetsmuseet i Bergen, Nils Christian Bjørgo, BirdLife Sogn og Fjordane, Jan Erik Røer, BirdLife Norge og Kurt Rutledal.

Fotojournalist

Oda Flaten Lødemel
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal