Hopp til innhold

FSK klarte nesten det umoglege

Florø sitt gutar 15-årslag, tapte laurdagens finale i Gothia Cup mot svenske Örgryte.

Florø SK G15
Foto: MMS- Privat

Kampen måtte til ekstraomgangar og straffespark før svenskane avgjorde finalen til sin fordel.

LES OGSÅ: Til finalen i Gothiacupen

- Akkurat no er det nokre prosent skuffelse i kroppane, men det går nok ikkje meir enn ein halvtime før det er 100 prosent fokus på den fantastiske sportslege oppturen siste veka, seier trenar Bengt Solheim-Olsen.

To gode lag

Bruntrøyene låg under med 0-2 ved pause. Men to raske mål signert Aksel Knapstad og Kristoffer Sigdestad etter kvilen, sende kampen inn til ekstraomgangar. Sidan ingen av laga klarte å avgjere kampen til sin fordel, gjekk kampen til straffespark.

LES OGSÅ: Tek svineinfluensa med stor ro

- Vi bomma på to straffer og dei på ingen. Det vart ein jamn finale mellom to gode lag, seier Solheim-Olsen.

Viste heile verda

- Dei hadde heile første omgang, medan vi hadde heile andre omgang. Etter 2-2 var vi nærmast 3-2. At ein kan ryke på straffekonkurranse er slikt som skjer, seier FSK-trenaren og held fram.

- Vi spelte "football the Florø-way": Raskt langs bakken. Dei har imponert veldig i denne turneringa og viste heile verda at dei fortente å vere i finalen.

Bruntrøyene surfa gjennom dei tre kampane i gruppespelet. Etter sju kampar i sluttspelet kan dei vise til ein målskilnad på heile 35-9.

Historisk resultat

Gutelaget frå kystbyen var det einaste frå fylket som deltok i årets utgåve av verdas største fotballturnering, Gothia Cup. Dei vart også det norske laget som gjekk lengst i årets turnering.

Sist eit norsk lag var i finalen, var i 2002 då G19-laget til Grand Bodø vart tapande finalist. Sprint Jeløy er førebels siste norske klubb som har gått til topps i Gothia Cup. Det skjedde i 1992.

Til Danmark

Florø stilte med 15-åringane og dei beste 14-åringane frå kystbyen. No går turen vidare til Danmark og Dana Cup der FSK har med fleire lag.

- Vi er slutta å reise på turnering "berre for å vere der". Målet er å gjere det så godt som vi kan. Men møter vi dei tre beste laga i verda, så er det ikkje mykje vi kan gjere med det, seier Solheim-Olsen.