Hopp til innhold

– Å setje vindmøller på 250 meter inn i fjordlandskapet vårt synest vi er tragisk

Turistane kjem til Noreg for å oppleve urørt natur og utbygging av vindkraft vil truge Noreg sitt omdømme som reisemål, meiner reiselivsaktørar på Vestlandet.

Sommarkveld i Korssundet med Lammetunbrua.

KORSSUNDET: Båtturistar og hytteigarar i Ytre Fjaler kan få utsikt til høge vindmøller på Lutelandet. Dei vil også vere synlege frå idylliske Korssundet.

Foto: Oddgeir Askevold.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Å setje vindmøller på 250 meter inn i fjordlandskapet vårt synest vi er tragisk og veldig vanskeleg å foreine med det vi driver med i reiselivet, seier Dag Aksnes, direktør i NCE Tourism.

Måndag denne veka la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram sitt forslag til ein nasjonal ramme for vindkraft på land. NVE har peika ut 13 område fordelt over heile landet, som egna for vindkraftutbygging.

Forslaget, som no skal ut på høyring, har skapt sterke reaksjonar.

Viktige område

– Det er naturen som er fortrinnet vårt. Gjer vi naturen om til eit industrianlegg, så vil det gå ut over omdømme vårt som reisemål, meiner Aksnes.

Han får støtte av administrerande direktør i Fjord Noreg, Kristian Jørgensen.

– Urørt natur er ein mangelvare i verda og det er ingen tvil om at det er det turistane kjem til Noreg for å oppleve. Får vi opp store vindmøller rundt om kring, så vil ikkje motivasjonen for å kome til Noreg vere den same, seier Jørgensen.

Både Aksnes og Jørgensen meiner at dei 13 områda som NVE ser på som egna for vindkraftutbygging, også er viktige område for reiselivsnæringa.

– Trolltunga og Preikestolen har nok besøk. No jobbar vi med å finne nye område som vi kan utvikle for å vere klar for veksten som er venta i reiselivet. Så det handlar om å sjå potensialet for framtida, seier Jørgensen.

nve_nasjonal_ramme_vindkraft_0419

– Alarmerande

Sognefjorden er eit unikt reisemål i verdssamanheng. At ein har utpeikt både nord- og sørsida av Sognefjorden som egna område for vindkraft er alarmerande, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Også NHO Reiseliv reagerer på vindkraftplanane som er lagt fram. Dei meiner planane ikkje går overeins med Noreg som ein av verdas fremste destinasjonar for naturbasert reiseliv.

– Politikarane må vere klar over at ein ikkje kan satse på reiseliv og vindkraft i same område. Der det blir oppretta vindparkar, vil ikkje det ikkje egne seg for framtidig reiselivsutvikling, seriar Habberstad.

Kan opne for ny aktivitet

Per Ove Skorpen, dagleg leiar i Norsk Vind Energi, forstår skepsisen i reiselivsnæringa, men meiner deira prosjekt viser at utbyggingane opnar for ny og meir bruk.

Selskapet har fleire prosjekt i Rogaland, og har også planar om Europas største i Nordhordland . Store delar av prosjektområde er ikkje inkludert i NVE sitt framlegg.

– Infrastruktur til område, som gjerne har vore lite tilgjengeleg for folk, gjer det lettare for folk flest å komme ut, seier han og legg til at NVE har fokus på problemstillinga når dei vurderer eventuelle prosjekt.

– Vi meiner at kyststripa langs Noreg kan ha ei blanding av urørt natur og inngrep i form av vindkraft, seier han.

Viser til studie

Olav Rommetveit

TA PÅ ALVOR: – Det er 4.300 vindmøller i Danmark og 625 i Noreg. Eg har framleis til gode å møte personar som ikkje reiser til Danmark, Tyskland eller Spania fordi dei har vindmøller, seier Olav Rommetveit i Zephyr.

Foto: Zephyr

Olav Rommetveit, administrerande direktør i Zephyr, er samd. I løpet av året tek dei over drifta ein av dei største vindparkane i Europa, Kvitfjell og Raudfjell i Troms.

Han viser mellom anna til ein større studie frå 2016 der Norconsult og Agenda Kaupang såg på lokale og regionale ringverknader av etablerte vindkraftverk i Noreg.

– Den viser ganske eintydig at store reiselivsverksemdene får ein oppsving i besøket under byggjefasen, og at mindre verken ser negativ eller positive endring, seier han.

– Den viser også at det ikkje er negativ effekt over tid, legg han til.

– Så du trur ikkje at vindparkar skremmer vekk turistane?

– Personleg, så trur eg ikkje at vi treng å vere veldig uroa for det, men ein må ta det på alvor og greie ut skikkeleg kvart prosjekt.