Hopp til innhold

– Dei bommar om dei trur denne saka ikkje vil få konsekvensar

Ap-medlemmer trur partiet kan få svi for behandlinga av asylbarna. Fleire vurderer å venda partiet ryggen.

Trur Arbeidarpartiet vil tapa om Nathan må reisa

BER AP OM Å SNU: AUF-nestleiar i Hordaland Snorre Skjevrak og frontfigur for støtteaksjonen til Nathan Eshete (7), Aina Heldal Bøe, trur Arbeidarpartiet vil tapa om dei ikkje endrar asylpolitikken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Engasjementet lyste av Snorre Skjevrak då han hamra laus mot sitt eige moderparti under Debatten frå Litteraturhuset i Bergen torsdag.

AUF-nestleiaren i Hordaland fekk mange og delte tilbakemeldingar på mobiltelefonen etter utblåsinga.

– «Sterk og klar Snorre, stolt over deg», det er det ordføraren i Sandnes som skriv.

– Her er visst ein som ikkje er så glad i meg: «Eg skammar meg over oppførselen din mot eige parti, du gjorde mange vondt i eige parti, min gode Snorre», les 20-åringen frå mobiltelefonen sin etter sending.

Les òg: Carl i Hagen reagerer på at Frp ikkje stilte til asyldebatten

Nestleiar i AUF i Hordaland, Snorre Skjevrak

OMDISKUTERT: Snorre Skjevrak fekk ulike tilbakemeldingar på utbasuneringa mot Regjeringa sin asylpolitikk. 20-åringen trur Ap får svi for måten asylbarna vert behandla på.

Foto: NRK

«Frekkhetens nådegave»

20 åringen som opphavleg kjem frå Rogaland la ingenting i mellom då han under direktesendinga gav statssekretær Pål Lønseth og den raudgrøne regjeringa stryk for asylpolitikken.

– Pål Lønseth har faktisk «frekkhetens nådegave» når han brukar ordet rettferd for å skildra dagens asylpolitikk. Den er grunnleggjande urettferdig, sa AUF-aren under den direktesendte fjernsynsdebatten.

Statssekretær i justisdepartementet Pål Lønseth frå same parti delar slettes ikkje synet til ungdomsspolitikaren.

– Er er veldig usamd i at dette er grunnleggjande urettferdig. Det som er urettferdig er om me konsekvent skal lønna familiar som ikkje følgjer returplikta, seier Lønseth.

VIDEO: Sjå heile Debatten frå Litteraturhuset i Bergen

Farvel til Ap

Nathan Eshete (7) frå Ytre-Arna har vorte det store symbolet på asylbarna som har fått utsendingsvedtak. 450 asylbarn har fått avslag på søknaden om å få vera i Noreg.

Aina Heldal Bøe, støtteaksjonen for Nathan

– Ap FÅR SVI: Aina Heldal Bøe trur behandlinga av asylbarna får konsekvensar for Ap.

Foto: NRK

Juristen Aina Heldal Bøe, som har engasjert seg tungt i støtteaksjonen for Nathan, er òg medlem i Arbeidarpartiet. Ho vil ikkje røysta på partiet om guten må forlata landet.

Også professor og Ap-medlem Frank Aarebrot sa under debatten tydeleg ifrå om at han vil sitta heime på valdagen om Nathan må reisa frå landet.

Heldal Bøe kjenner seg ikkje att i politikken til partiet sitt, og trur mange vil la vera å røysta på Ap om politikken ikkje vert lagt om.

– Eg trur det, når eg tenkjer på Arbeidarpartiet tenkjer eg på ord som solidaritet og nestekjærleik. Det rimar ikkje når det berre skal gjelda nokre barn og ikkje asylbarn.

– Dei bommar om dei trur denne saka ikkje kjem til å få konsekvensar i valkampen, sa Heldal Bøe til NRK.no etter debatten.

Demonstrasjon for Nathan

ENGASJEMENT: Saka til Nathan (7) frå Ytre-Arna har skapt eit stort engasjement. Sjølv om guten er født i Noreg har han og familien utsendingsvedtaket hengande over seg.

Trufast AUF-ar

Snorre Skjevrak kjem ikkje til å snu ryggen til partiet, sjølv om har er grunnleggjande usamd i asylpolitikken.

– Eg kjem ikkje til å røysta eit anna parti, i alle fall ikkje så lenge det er ein viss form fornuft over politikken til partiet mitt.

Men kva vil du då seia til veljarane?

– Dette er ein avgrensa del av Arbeidarpartiet sin politikk.