Hopp til innhold

Fryktar trøytte sjåførar på vegane

Stadig fleire turistbussar vert stogga for brot på reglane om kviletid. Vegvesenet trur operatørar sel eksklusive turar med små bussar for å kome unna kontrollar.

Bussar i Lærdal

STOPP: 82 turistar vart sitjande og vente i timevis i Lærdal etter at sjåførane for desse bussane vart pålagde å kvile i 69 timar før dei kunne køyre vidare.

Foto: NRK-tipsar / NRK

I går måtte to bussjåførar frå Spania og Portugal kvile i 69 timar i Lærdal etter å ha brote reglane for kviletid. 82 turistar måtte vente ved kontrollstasjonen i nesten seks timar før nye bussar og sjåførar kom til staden.

– Det er snakk om grove lovbrot. Den eine sjåføren hadde ikkje hatt godkjent vekeskvil på 18 døgn, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen region Vest, Tormod Gausdal.

Trur turoperatørar prøvar å lure seg unna

Gausdal fortel at sjåførane kjente reglane og at dei raskt godtok reaksjonen frå Vegvesenet. Han meiner turoperatørane legg eit løp for sjåførane som ligg langt utanfor det som er lovleg.

– Sjåførar vert utnytta langt forbi det som er lovleg. Dette kan fort bli trafikkfarleg. Vi ønskjer ikkje at trøytte og uopplagde sjåførar skal ha ansvar for 40 passasjerar.

Han meiner denne praksisen er ein trend som dei har sett stadig meir til den siste tida og at dette er sterkt konkurransevridande.

– Vi har og ein mistanke om at turoperatørar vel å bruke andre typar bussar for å kome unna våre kontrollar, seier Gausdal.

Utanlandske bussar

Gausdal fortel at dei nesten ikkje ser norske turistbussar på vegane lenger og at turar gjerne vert marknadsført som eksklusive ved at folk vert frakta rundt i minibussar. Han meiner bruk av slike bussar er bevisst for å unngå tungbilskontrollar.

– Det er mange ulike selskap som har bussar på vegane. Fleire av dei kjem frå dei tidlegare austblokklanda. Vi ser stadig at folk jobbar under arbeidsforhold som ikkje toler dagens lys både når det gjeld arbeidstid og når det gjeld løn, seier Gausdal.

  • LES OGSÅ:

Kan vere sosial dumping

– Det kan synast som om der er element av sosial dumping i turistbussbransjen, seier seniorrådgjevar i krimseksjonen til Statens vegvesen, Per Herman Pedersen.

Per Herman Pedersen, krimseksjonen Statens vegvesen

TEK TAK: Seniorrådgjevar i krimseksjonen til Statens vegvesen, Per Herman Pedersen, seier dei no vil setje fokus på å undersøke om å det vert gjort organisert kriminalitet i turistbussbransjen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Han fortel at dette er noko dei vil setje meir fokus på i tida som kjem.

– Ut ifrå dei meldingane vi har fått inn og ut frå dei selskapa vi veit opererer i dette feltet så er dette eit område som bør kontrollerast meir i tida framover, seier Pedersen.

Han fortel at dei enno ikkje har hatt fokus på å finne ut om det kan vere snakk om organisert kriminalitet, men at dette er noko dei vil ta tak i.

– Vi samlar no inn informasjon for å dokumentere omfanget for å finne ut korleis vi best skal gå inn i desse sakene, seier Pedersen.

Han seier det skal vere trygt å ferdast på vegane og at Vegvesenet no vil ha fokus på å luke ut dei sjåførane som bryt køyre- og kviletidsbestemmingane.