Hopp til innhold

Denne båten har aldri hatt eit meir roleg år

Ambulansebåtana har hatt eit svært roleg 2020. No har dei éi bøn til dei mange ferske båteigarane som skal ut på sjøen.

M/S «Rygervakt»

FULL FART: Ambulansebåten M/S «Rygervakt» ventar mange oppdrag i det som er igjen av sommaren.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Til no i år har mannskapet på ambulansebåten M/S «Rygervakt» hatt rolege dagar. Grunna koronapandemien har båtane berre vore ute på ein fjerdedel så mange oppdrag som året før.

No gjer dei seg klar for ein sein sommar der dei må rykke ut i eitt sett.

– Folk brukar hyttene sine meir enn nokon gong. Det er enormt mange båtturistar ute. Me er spente på korleis sesongen blir.

Det seier ambulansebåtarbeidar Arild Fagerheim. Mannskapet på tre i ambulansebåten i Austevoll utanfor Bergen har brukt våren på å førebu seg på det dei trur vil verta ein uvanleg travel sommar.

– Det er fordelen med at me hadde det roleg i vår, seier Fagerheim.

Mannskapet på ambulansebåten M/S «Rygervakt» i Austevoll.

KLARE: Jostein Hovland, Arild Fagerheim, og Øystein Føyen har brukt våren på å førebu seg til sommaren.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Fryktar skjær i sjøen for nye båteigarar

Båtsalet i år har eksplodert. Det gjer ambulansepersonellet uroa. Dei ber nye båteigarar vera ekstra forsiktige.

– Bli kjend med din eigen båt. Finn ut korleis den oppfører seg. Tenk ikkje minst over kva du skal gjera om det skjer ein nødsituasjon med familien om bord, er Fagerheim sin klare oppmoding.

Ventar labert år i Sogn og Fjordane

Ambulansebåtane i Solund, Askvoll og Florø ventar i år i underkant av 200 ambulanseoppdrag. Dei siste åra har dei hatt vel 250 oppdrag i gjennomsnitt.

– Sjølv om aktiviteten er høgare på sommaren, er ikkje det nødvendigvis einstydig med turistar for oss, seier Stian Sægrov. Han er ambulansesjef i Helse Førde.

Han opplyser at det er flest fastbuande som nyttar deira helsetenester.

– Fritidsreisande er ofte friske og oppegåande, seier Sægrov.

Kan bli rekordsommar

Redningsselskapet har allereie byrja å merka ei stor auke i talet på oppdrag i år. Totalt sett har dei sett ein auke på 46 prosent i forhold til i fjor. I Oslofjorden er det så mykje som 81 prosent auke.

– Det er enno litt tidleg å seia, men dette kan bli ein rekordsommar i talet på oppdrag for oss, seier direktør for kommunikasjon, Hasse Lindmo.

Han legg til at det heng saman med korleis vêret blir resten av sommaren. Lindmo trur auken skuldast meir aktivitet på sjøen i år enn i fjor.

– Når fleire er ute i båten, blir det fleire uhell og hendingar me må hjelpa til med, seier han.

Redningsselskapet

MANGE FLEIRE OPPDRAG: Her ligg R/S «Odd Fellow III» til kai i Oslo. I fjorden utanfor har Redningsselskapet hatt nesten dobbelt så mange oppdrag sidan mellom mai og midten av juli som i same periode i fjor.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Har førebudd seg godt

– Me har aldri hatt så mange redningsskøyter i beredskap som i år, seier Lindmo.

Det er ikkje berre talet på skøyter Redningsselskapet har auka i år. For å førebu seg til sommaren, har dei også utvida kapasiteten på servicetelefonen sin.

Sjølv om det har vore fleire oppdrag for redningsskøytene denne sommaren, er det dei same typane uhell som skjer. Også i år er det grunnstøytingar og motorhavari som er det Redningsselskapet rykker mest ut på.

Likevel er det regionale forskjellar, opplyser Lindmo. På Vestlandet har det til no ei ganske lik oppdragsmengde som i fjor.

– Båtføraren på Vestlandet er nok meir ein heilårsbrukar, medan på Sør- og Austlandet er det meir sesongbruk og nye båtfolk i år, seier Lindmo.