Fryktar trailerkrøll på utfartsdagen

Dårleg skodde trailarar kan hindra juletrafikken.

Langhuso ved Flåm

SNØFØRE: Dette vogntoget har stoppa for laste om varer i nærleiken Flåm. NRK Sogn og Fjordane skreiv veslejulaftan at vogntoget hadde stoppa for å leggje om til kjettingar. Det er feil. Dette vogntoget hadde ikkje problem.

Foto: Webkamera / Statens Vegvesen

- Trailarar som står fast har skapt problem heile veka. Difor oppmodar me dei til å bruka kjetting over fjellovergangane så me forhåpentlegvis slepp det midt i juletrafikken, seier Roger Nedberge Hiller ved veg- og trafikkstasjonen i Lærdal.

Glattast inn mot Sogn

Bjøberg ved på Hemsedalsfjellet

HOVUDPORT: Hemsedalsfjellet er tradisjonelt hovudporten frå austlandet til Sogn for juletrafikken

Foto: Webkamera / Statens Vegvesen

På følgjande strekningar melder Vegvesenet spesielt om glatt vegbane midt på dagen vesle julafta:

  • E16: Nyheim-Gudvangen
  • E16: Filefjell
  • Rv52: Hemsedalsfjellet
  • Fv50: Hol-Aurland
  • Fv53: Årdal-Tyin

Det er også her kjettingvarselet til trailersjåførane gjeld spesielt.

I tillegg er det snø- og isdekke på vegane over det meste av fylket.

- Isdekke er jo jamngodt med glatt. Men sidan det er såpass kaldt, kunne det ha vore glattare. Så folk må tilpassa farten etter forholda, seier Nedberge Hiller.

Ventar framleis stor trafikk

Filefjell

ISDEKKE: Også Filefjell har mykje trafikk før jul og går for å vera den sikraste fjelølovergangen, men vesle julafta er det glatt også her.

Foto: Webkamera / Statens Vegvesen

Trafikkstasjonen har ikkje fått melding om spesielle vanskar på vegane i og inn mot fylket så langt vesle julafta.

- Det er ikkje særleg dårleg vêr. Stort sett går det i lett bris eller flau vind og litt snø.

Dei største utfartsdagane før jul er tradisjonelt bitte vesle og vesle julafta.

- Me fekk meldingar om at det auka på i går ettermiddag, spesielt over Aurland-Hol. Filefjell og Hemsedalsfjellet har jo alltid stor juletrafikk. Ettersom det er utfartsdag i dag også, forventar me ein del trafikk vidare utover ettermiddagen, seier Nedberge Hiller.