– Bunadsplagget handlar om kjensler, og det ligg sterke band i drakta. For mange er det utenkeleg at det skal produserast ein annan plass og med andre stoff, nettopp fordi det skal vere forankra i heimstaden, seier Ane Mørkve Kortner.
Ho førebur seg for tida til svennebrevet ved bunadsprodusenten Viken i Førde. Her syr dei rekonstruerte bunadar frå 1700- og 1800-talet med forankring i Sogn og Fjordane.
Viken skil seg dermed ut frå andre bunadsbedrifter. Camilla Rossing, leiar i Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, fortel at fleire og fleire bedrifter vel å flytte delar eller heile bunadsproduksjonen til utlandet. Ho meiner at det vil få alvorlege konsekvensar for norsk handsaum og bunadstradisjonar, og kan føre til at vi mister ein viktig del av kulturarven.
– Vi synest det er problematisk at den nære kunnskapen til lokalmiljø og til draktskikken som bunaden byggjer på blir fjernare og fjernare ved ein utanlandsk produksjon, seier Rossing.
Ikkje einig
Esben Thyrum, sals- og marknadsansvarleg i Norske Bunader, er ikkje redd for at kunnskapen skal gå tapt. Dei sel omkring 4000 bunadar kvart år. For å møte den store etterspurnaden nyttar dei seg av skreddarar i Kina, medan justering og montering blir gjort av kompetente bunadstilverkarar i dei ulike avdelingane i Noreg.
– Vi har 40 tilsette i Noreg som vil behalde og vidareføre kunnskapen om norsk handsaum og bunadtradisjonar.
Han meiner det er marknad for både norsk- og utanlandsproduduserte bunadar.
– Vi ynskjer at flest mogleg skal kunne skaffe seg bunad. Òg dei som ikkje har råd til ein bunad til 60.000 kroner, seier Thyrum.
Rossing er klar over at bunadsproduksjonen i Noreg står overfor utfordringar, blant anna knytt til økonomi og at det er for få handverkarar i til å mette den store etterspurnaden.
Ho peikar på at billigproduserte bunadar i utlandet gjer det vanskelegare for bedrifter å etablere seg i Noreg.
– Færre vil klare å livnære seg av det tradisjonelle handverket, som igjen vil gå ut over rekrutteringa til bunadtilverkar-yrket.
Optimistisk trass konkurranse
Bunadsavdelinga til Viken merkar priskonkurransen, men har likevel ingen planar om å flytte produksjonen utanlands. Lokal tilhøyrsle, identitet og kundeforhold er faktorar som gjer at dei vil halde seg innanfor Noregs grenser.
– Vi har kundar som har hatt eit kundeforhold her i fleire generasjonar, og som stolar på at vi vidarefører bunadstradisjonen frå Sunnfjord, seier Kortner.
Trass i konkurranse opplever dei ei oppblomstring i interessa for nasjonaldrakta.
– Eg ser ljost på framtida. Eg trur ikkje bunad er noko vi kjem til å slutte med, seier Kortner med eit smil om munnen.
- Les meir: Bunadsgåva til prinsesse Ingrid Alexandra
- Les og: Vil ha merking av bunadar sydd i utlandet