Fryktar stortingsvalet skal knusa draumen om Hordfast

Frp-politikar fortvilar over at regjeringa ikkje får låst milliardutbygginga i dagens Storting. No er Helge André Njåstad redd SV og MDG-makt skal avgjera Hordfast sin skjebne etter valet.

Helge Andre Njåstad (Frp) på Sandvikvåg ferjekai

UROA: Helge André Njåstad (Frp) vil at ferjekaia i Sandvikvåg forsvinn frå E39 og blir erstatta av nye bruer.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Hordfast er i spel etter valet, om parti som MDG eller SV får avgjerande ord i samferdslesaker. Det vil vera ein katastrofe for Vestlandet, seier stortingspolitikar Helge André Njåstad i Framstegspartiet.

Hordfast er namnet på nye E39 som skal sikra ferjefri veg mellom Stord, Tysnes, Os og Bergen.

Saman med utbygginga av Rogfast, vil den nye vegen sende reisetida mellom Bergen og Stavanger ned i to timar.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

SVÆRT: Flytebrua over Bjørnafjorden vil åleine koste 17 milliardar kroner. Den blir 5,5 kilometer lang. Ei hengebru lenger og breiare enn Hardangerbrua skal også byggast, lenger sør på traseen.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Uro for realisering

Men ingenting skjer før Stortinget seier ja. Prosjektet til i underkant av 38 milliardar kroner er omstridd.

To enorme bruer, den høge prislappen og konsekvensar for sårbar kystnatur har gitt mange motrøyster. Men både regjeringspartia og Frp ivrar sterkt for prosjektet.

Likevel fekk Hordfast så vidt plass i den første delen av ny nasjonal transportplan, med berre ein milliard statlege kroner i første tildeling.

Uroa for at vegen ikkje skal bli noko av, er difor stor hjå fleire.

Hordfast, valgt trase for ferjefri E39

55 KM NY VEG: Dette er den valde traseen for nye E39 mellom Stord og Os.

Foto: Statens vegvesen

– Burde utnytta Hordfast-venleg Storting

Både før jul i fjor, og no i april, har Frp-politikar Helge André Njåstad stilt skriftleg spørsmål til samferdsleministeren i Stortinget.

Han ville vita om det var eit mål for Knut Arild Hareide å legge fram ei sak som vil låse utbygginga i Stortinget denne våren.

Men fristen for å fremje saker i denne stortingsperioden gjekk ut førre veke.

– No har me eit Hordfast-venleg Storting som vil bygge denne vegen. Etter valet veit me ikkje, men me ser at det er parti som er i mot heile prosjektet, og vegbygging i det heile teke, som kan hamna i fleirtal, seier Njåstad.

Han siktar til SV og MDG.

– Derfor burde me brukt fleirtalet me har i dag til å sikra at prosjektet blir bygd og at det ville blitt vanskeleg for eit eventuelt nytt fleirtal å gjera om på vedtaket.

Fungerande leiar i MDG, Arild Hermstad seier at alle som er opptatt av klimaet og naturen verkeleg håpe at MDG hamnar på vippen etter valet og får snudd om på prioriteringane.

– Frp har god grunn til å frykta eit sterkt MDG på vippen etter årets val. Hordfast vil føra til enorme klimagassutslepp, meir trafikk og store naturøydeleggingar, i tillegg til å vera eit pengesluk av dimensjonar. Å bygga han vil vera eit svik mot klimaet, naturen og dagens unge.

Erna Solberg og Knut Arild Hareide på Sandvikvåg ferjekai i valgkampen 2013

PRESTISJE: Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF) lova oppstart for Hordfast i 2018 under valkampen i 2013. No vil han ikkje seie når han legg fram ei utbyggingssak til Stortinget.

Foto: Erlend Aas / NTB

– Frp avslører seg

Audun Lysbakken forstår godt at Njåstad fryktar eit sterkt SV etter haustens stortingsval. SV-leiaren seier dei alltid har vore ærlege på at dei vil stogge Hordfast.

Han meiner det er oppsiktsvekkande at Njåstad ønska eit vedtak om utbygginga i Stortinget denne våren.

– Her avslører Frp seg sjølv. For dei vil at Hordfast skal snike i køen og bli prioritert framføre alt anna. Det må alle som er opptekne av trygge kvardagsvegar, og ny veg og jernbane mellom Voss og Bergen merke seg. Desse prosjekta vil tape om Frp får styre, seier Lysbakken.

Salg av Bergen Engines AS Audun Lysbakken

MOT HORDFAST: Audun Lysbakken (SV) vil ikkje bygge ut Hordfast.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Alt er ikkje klart

Statens vegvesen fortel NRK at dei med løyvinga på ein milliard kroner i NTP, pluss bompengar, kan lysa ut anbod og betala forskot for bygginga av dei to store bruene på prosjektet.

Dei ser føre seg oppstart i 2026 og at heile den 55 kilometer lange vegen blir bygd samstundes. Akkurat no jobbar dei med statleg reguleringsplan som blir ferdig våren 2022.

Difor var det vanskeleg å kome til Stortinget denne våren med eit vedtak, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide.

– Dette er eit gigantisk prosjekt med mange milliardar i statlege bidrag og bompengar. Me må vita at me har fullt ut kontroll på prosjektet når det skal leggast fram for Stortinget.

Han seier han ikkje kan gi noko garanti for når det skjer.

– Eg deler utolmodet til Njåstad. Det er klart at politiske endringar ved haustens val kan skapa uro rundt Hordfast. Det trur eg ikkje verken næringslivet eller folk på Vestlandet vil setje pris på, seier Hareide.