Hopp til innhold

Fryktar store sauetap i Luster også denne beitesesongen

Sauebøndene i Luster fryktar store sauetap også denne beitesesongen. Det seier Arne Bjørk som er rovviltkontakt for sankelaget i Jostedalen.

Arne Bjørk

FRYKTAR JERVEN: rovviltkontakt for sankelaget i Jostedalen, Arne Bjørk fryktar, ein ny skadesommar på grunn av jerv.

Foto: Montasje: Arkiv/BBC / NRK

I fjor sommar opplevde bøndene i Sogn rekordstore tap av sauer og lam til jerven, men i vinter har jegerar felt sju jervar, fem av dei i Luster.

– Mange av jervane som no er felte har vi ikkje DNA-registreringar på frå tidlegare.

Dermed fryktar sauebøndene at det skal vere like mykje jerv i fjellområda i Sogn i år som det var under skadesommaren i fjor.

Tilvekst på seks dyr

– Vi har eit ganske bra DNA register på jerven som har vore her i området. Det er skote fire tisper, tre av dei er dyr som ikkje har vore registrert tidlegare, den fjerde som vart skoten i Nørstedalen i Luster i førre veke har vi ikkje fått identifisert.

Bjørk seier dei reknar med ein årleg tilvekst på seks dyr i året. Dermed torer han ikkje senke skuldrene sjølv om det i vinter altså er felt sju jervar i Sogn.

– Eg vil seie at sesongen ser ut til å bli like dramatisk som i fjor. Vi kan berre håpe at det skal gå bra, men eg fryktar at ein eller annan stad i Sogn også i sommar vil få store tap.

Mellom åtte og ti jervar

Kor mykje jerv som er i området har ikkje Bjørk noko sikker oversikt over i dag.

– Viss vi tar, sør for Ottadalen, som er eit felles leveområde for jerven som vi har her, så er det ikkje usannsynleg at det framleis er mellom åtte og ti jervar i området ut frå dei DNA-registreringane vi har.

– Men no er det jo felt sju jervar, det må jo redusere jo rovdyrtrykket noko?

– Ja bevarast, men det som er skremmande å sjå er at så mange av dyra som blir felt er nye og ukjente individ.