Hammaren den enkle kjettingen held på plass i følgje Firda 10-25 meter høg. Kjettingen vart sett opp i 1999 for å hindre at hammaren skulle skli ut og rase ned i vegbana drygt hundre meter lenger nede. Sørsund er ikkje i tvil om at kjettingen er blitt strammare den siste tida, og meiner det tyder på at faren for ras har vorte større. Ein skremmande tanke seier ho.
- Virkar etter planen
Ho meiner kjettingen ikkje utgjer ei forsvarleg sikring. Men Magnar Hellebust i Mesta seier at kjettingen er ei god nok sikring slik dei kjenner tilhøva på staden. - Geologisk sett skal det ikkje vere nokon fare, for kjettingen held blokka på plass, seier han.
Blokka er tung i toppen og balanserer på nedste delen. Kjettingen skal halde den i likevekt. Ei synfaring frå Mesta tidlegare i månaden viser at dette virkar etter planen, seier Hellebust.
Vil ha ho fjerna
Men dei som reiser forbi dagleg stiller seg tvilande og hadde helst sett at heile blokka vart fjerna. Mesta vil no ta ei ny synfaring, men ser ingen grunn til å slå alarm om auka rasfare.