Hopp til innhold

Fryktar slepeskip ikkje når fram for å hindra miljøkatastrofar

Sjøforsvaret skal ta over ansvaret for slepeberedskapen som skal hindra grunnstøyting og forureining langs norskekysten. Han som tidlegare leia beredskapen er kritisk.

Lasteskipet «Tide Carrier» i trøbbel på Jæren

NESTEN PÅ GRUNN: Lasteskipet «Tide Carrier» havarerte utanfor Jærkysten i februar 2017. Kystverket aksjonerte då skipet var i ferd med å gå på grunn.

Foto: Anders Fehn / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Om halvanna år blir det operative ansvaret for slepeberedskapen flytta frå det sivile Kystverket til den militære Kystvakta. Kystverket skal framleis ha det overordna ansvaret, men Sjøforsvaret skal ha det daglege ansvaret.

Kystverkets losoldermann for Nord-Troms og Finnmark, Roy Arne Rotnes, er redd det vil svekka beredskapen.

– Kystvaktskipa har for dårleg slepekraft, og ein risikerer at dei er på andre oppdrag langt til havs når ulukker skjer inne ved kysten.

Losoldermann Roy Arne Rotnes

UROLEG: Losoldermann Roy Arne Rotnes fryktar at kystvaktskipa har for dårleg slepekraft og er langt til havs når ulukker skjer inne ved kysten.

Foto: Jørn Norstrøm / NRK

Uroa for at skipa ikkje kan slepa

Fram til 2015 var det Rotnes som hadde det operative ansvaret for Kystverket sin slepeberedskap i heile landet.

No er det tre kystvaktskip i den såkalla Barentshavklassen som er mellom dei seks skipa som skal stå for slepeberedskap. Rotnes meiner dei ikkje har den naudsynte kapasiteten for å slepa tunge skip vekk frå den norske skjærgården, viss katastrofen skulle vera ute.

Kystverket avviser kritikken. Seniorrådgjevar Kjetil Aasebø viser til at skip i denne klassen har 100 tonn slepekraft, og at det blir minimumskravet for alle seks fartøya.

– Men dei manglar slepetekniske innretningar for å kunne manøvrera under tunge slep, hevdar Rotnes tilbake.

KV «Barentshav»

SLEPEKRAFT: Tre kystvaktskip i Barentshavklassen er blant dei seks fartøya som skal utgjera slepeberedskapen når Kystvakta i 2020 overtar Kystverkets operative ansvar.

Foto: Jonas Selim / Forsvaret

Redd skipa ikkje rekk fram

Han er også uroa over at kystvaktskipa skal ha to potensielt motstridande oppgåver:

  • slepeberedskap inne langs kysten
  • oppsyn og patruljering på dei enorme havområda heilt nord til Svalbard

– Kva tid skal dei vera kor? Når ein skal gjera fleire ting på same tid, vil det av og til vera slik at ein er ønska på to stader samstundes, seier Rotnes.

Seniorrådgjevar Aasebø i Kystverket trur ikkje det er ei god løysing at skip skal ligge i ro og venta på ei hending.

– Det er ein veldig dårleg, i alle fall ikkje optimal, bruk av skattebetalarane sine pengar, seier Aasebø.

Kystverket viser også til at slepeberedskapen blir auka frå fire til seks skip. Aasebø meiner den nye ordninga difor både er ei styrking av beredskapen og vil bli billigare på sikt.

– Kva om skipet til dømes er oppe ved Svalbard på rekognosering og så skjer det noko utanfor Helgelandskysten?

– Me ser det ikkje som veldig sannsynleg at det vil vera ein interessekonflikt.

– Ingen risiko ved frålandsvind

Aasebø seier føresetnaden er at ein gjer ei dagleg risikovurdering slik at ein kan disponera fartøya riktig.

Kjetil Aasebø

BRA OG BILLIG: Seniorrådgjevar Kjetil Aasebø i Kystverket seier endringa i slepeberedskapen både gir ei billigare løysing og ei reell styrking.

Foto: Kystverket

– Viss det er frålandsvind langs kysten, er det ingen risiko for at eit fartøy driv mot land og grunnstøyter. Då har ein veldig god tid på seg til å organisera slep. Når risikoen er høgare vil skipa sjølvsagt bli mobilisert og vera klare til innsats ved behov.