Hopp til innhold

«Ei nedlegging vil rasere den gode skulen vi har i Eid»

Foreldra i Kjølsdalen i Eid fryktar no at skulen deira skal bli ofra på det politiske alteret. – Det blir rett og slett ei rasering av den gode skulen i Eid kommune, meiner FAU-leiar Ove Kjøllesdal.

Kjølsdalen skule

KAN BLI NEDLAGT: Elevane på Kjølsdalen skule kan bli tvungne til å gå på skulen på Stårheim.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Torsdag denne veka skal skulestrukturen i Eid kommune opp til politisk handsaming for første, men ikkje siste gong denne hausten.

Driftsutvalet i kommunen skal seie sitt om skulane - der Kjølsdalen og Stårheim spelar hovudrolla. Det kan ende med at elevane frå Kjølsdalen vert flytta til Stårheim. Til slutt er det kommunestyret som skal avgjere dette i slutten av oktober.

– Det er jo sjølvsagt trasig at kommunen har så dårleg råd at dei ikkje kan spandere litt på ungane våre. Slik vi ser det no så er dette blitt ei lita farse, meiner Ove Kjøllesdal.

Søndag kveld deltok han og dei andre i foreldreutvalet på eit møte der framtida for skulane i ytre deler av Eid vart diskutert.

– Kun økonomi

Der vart foreldra samde om å kjempe for å halde på skulen sin, og dei tykkjer det er rart at dette no på nytt vert teke opp - all den stund at Kjølsdalen vert rekna som ein kvalitetsmessig god skule.

– Eg meiner det er vikarierande motiv for å leggje ned skulen. Etter den politiske behandlinga kalte vi ein spade for ein spade og fekk det til at det var kun økonomi det gjekk på og angreip saka derifrå, seier Kjøllesdal.

Administrasjonen i Eid har no valt å sjå skulesektoren og barnehagane kvar for seg, noko som igjen kan føre til at barnehagen i Kjølsdalen kan bli verande, medan skulelevane må pendle til Stårheim.

– Fråverande debatt

– Vi meiner at innanfor skulesektoren heng og barnehagen med, og det er store investeringar som trengst der. Der klarte politikarane å løfte dette ut, fordi det ikkje passa inn i systemet deira. Då byrja frustrasjonen verkeleg å breie seg, fortel FAU-leiaren.

Han føler at dei alt er i ferd med å tape kampen om skulen, all den stund at Venstre som har stor makt i Eid, har signalisert at dei ønskjer samanslåing av skulane.

– Vi ser ikkje nokon moglegheit til for å stogge dette, dersom politikarane ikkje er tøffe nok til å ta saka vidare slik ho bør gjerast. For oss har det virka som at den politiske debatten har vore fråverande. For å lage litt mystikk i heile greia, så har ingen tort å seie kvar den felles skulen kjem, sler Kjøllesdal fast.

– Grundig utgreiing

Kommunalsjef i Eid, Harald Sivertsen, meiner på si side at dei kun har gjort det politikarane ville at dei skulle gjere no før budsjetthandsaminga til hausten.

– No har administrasjonen gjort ei grundig utgreiing, og den skal no handsamast politisk. Det eg kan seie er at politikarane har gjort nokre bestillingar og dei har rådmann og administrasjonen då svart på. Det gjeld då utgreiing av samanslåing av skulekrinsar og så var det å trekkje ut barnehagestrukturen, seier Sivertsen.

Han meiner at det heilt klart er ei politisk avgjersle kvar ein i så fall skal ha ein fellesskule for Kjølsdalen og Stårheim.

– Når det gjeld plassering av ein eventuell fellesskule, så meiner rådmannen at det er ei politisk avgjersle, i og med at det er dei som har gjeve oss bestillinga.
Vi har hatt eit konstruktivt samarbeid med begge krinsane i saka og dei har kome med utfyllande og gode innspel, meiner kommunalsjefen.