Fryktar reiseavstandane i Kinn

Frp har streva med å få folk frå Vågsøy på vallista for Kinn Frp til kommunevalet. Trass i at alle medlemmer har blitt spurt ville berre tre frå Vågsøy stå på lista.

Listetopp Frank Willy Djuvik er glad for at Frp har ein tredjekandidat frå Vågsøy, men seier reisetid og lite kjennskap til den nye kommunen har vore forklaringar dei har fått frå folk som har takka nei.

I alt 16 personar står på lista til Kinn Frp.