Hopp til innhold

Har registrert 13 meldingar om grove tjuveri - utstyr for fleire hundretusen stole

Den siste tida har politiet registrert 13 tilfelle av grove tjuveri. No fryktar politiet at det er organiserte kriminelle som står bak tjuveria.

Stolne båtmotorar

BORTE VEKK: Politiførstebetjent Isak Husevåg (t.v.), båteigar jon Hundeide og lensmann Webjørn Moa i båthamna på Hundeide torsdag.

Foto: Yngve Tolaas / Fjordabladet

Jon Hundeide er ein av dei som er vorte fråstolen store verdiar. Han fann båten sin utan motor då han denne veka skulle ned i småbåthamna på Hundeide i Nordfjord.

– Det er skuffande og kjedeleg. Eg har hatt båten min liggjande i denne småbåthamna i 20 år, og eg har aldri mista noko, seier Hundeide.

Det var eit uventa syn som møtte Hundeide denne veka då han skulle ned i småbåthamna si i Nordfjord. Motoren på båten hans var vekk, og fleire båtar låg å dreiv i hamna.

Politiet har få spor

Hundeide er langt ifrå den einaste som har opplevd dette den siste veka.

Politiet har teke imot 13 meldingar om grove tjuveri i fylket. Mellom anna er sju utanbordsmotarar og verdiar for fleire hundre tusen kroner stole. Blant dei stolne tinga skal det også vere ei slåmaskin, kantklipparar, ein traktorklippar og nokre bildekk.

Etterforskingsleiar Rognald Dvergsdal seier dei har få spor å gå etter, men at dei trur det er ei gruppe organiserte kriminelle som står bak tjuveria.

– Det er ganske omfattande, så slik det står fram verkar det godt organisert. Det er veldig lite vitneobservasjonar på kva som har skjedd, seier Dvergsdal.

Han legg til at det ikkje er ofte det skjer slike ting i distriktet.

– Iallfall ikkje av dette omfanget, seier Dvergsdal.

Søkjer hjelp i nabodistrikt

Og etter eit liknande tjuveri i Ørsta, mistenkjer politiet at tjuvane bevegar seg over fylkesgrensene. No vil dei samarbeide med andre politidistrikt.

– Dersom dei reiser frå vårt distrikt, så er det ikkje sikkert at dei gir seg med det. Vi får prøve å kople oss opp mot andre politidistrikt som skulle oppleve liknande, og samarbeide for å prøve å finne fellesnemnarar, seier Dvergsdal.

Båteigar Hundeide er ikkje så sikker på om han nokon gong får sjå att det som er stole.

– Eg har vel ikkje så stort håp om at tjuvane vert tekne. Eg reknar med at eg må kjøpe meg ny motor, seier Hundeide.

Politiet er svært interesserte i tips i saka.