Hopp til innhold

Fryktar nedlegging av bokbåt

Bokbåten har aldri vore så populær som no i nabofylka våre, Hordaland og Møre og Romsdal.

I går vart det klart at hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane vil kutte løyvingar på 600 tusen kroner til bokbåten på Vestlandet.

Fylkesbiblioteksjefen i Hordaland fryktar ein dominoeffekt der også dei to andre fylkeskommunane vil følgje opp og kutte sine løyvingar.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal ta endeleg avgjerd i saka seinare i desember.