Hopp til innhold

Fryktar naturreservata står for fall

Naturvernforbundet og MDG trur regjeringa si endring av reglane for å kunne bygge kraftlina i Sørdalen naturreservat vil opne for fleire store kraftmaster i andre reservat.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

SØRDALEN NATURRESERVAT: Statnett har allereie starta arbeidet, men grunneigarane kjempar framleis i retten for å stogge dei. Like før rettssaka endra regjeringa reglane.

Foto: Fylkesmannen

Førre veke endra regjeringa reglane for kva som er lov å gjere i Sørdalen Naturreservat i Bremanger. Der folk før berre kunne fiske, plukke bær og jakte, er det no lovleg å bygge enorme kraftmaster.

– Vi fryktar regjeringa har sett ein ny standard for korleis vi handterer verna natur i Noreg. Vi trur regjeringa vil bøye av og ofre naturen. Å svekke vernereglane så kraftig, opnar for det same ei lang rekke stader i landet, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Meiner lina kunne gått utanfor reservatet

Valet av naturreservatet for hovudkraftlina er omstridd, og arbeidet med å byggje lina er stoppa. Grunneigarane meiner det er ulovleg og kjempar mot staten i rettssalen. Haltbrekken meiner kraftlina kunne gått utanfor reservatet.

– Dette viser at regjeringa prioriterer utbygging av kraftliner på kostnad av sårbar natur, også der det finst alternativ, seier naturvernaren.

Lars Haltbrekken

NATURVERNLEIAR: Lars Haltbrekken.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Lars Andreas Lunde

STATSSEKRETÆR: Lars Lunde.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Lars Andreas Lunde (H), seier dette ikkje stemmer, og at dei har følgd opp den rødgrøne regjeringa sitt vedtak om å la kraftlina gå gjennom reservatet. Å vurdere ein ny trasé ville teke for lang tid med kraftmangel i Midt-Noreg, meiner han.

– Vi har ikkje noko større ønske enn den førre regjeringa om å bygge kraftliner i verneområde, heller tvert imot, seier Lunde.

Presedens eller ikkje?

Lunde avviser at regelendringane i eitt naturreservat vil skape presedens. Men i tungtvegande samfunnsmessige saker, kan vernereglane vike.

– Av og til må verneinteressene vike. Det har alltid vore ope for dispensasjon i slike saker, og vil vere det i framtida med dagens naturmangfaldlov. Vedtaket i Sørdalen representerer ikkje ei endring i så måte, seier statssekretæren.

Rasmus Hanson, leiar i Miljøpartiet De Grønne, meiner det er tull når regjeringa hevdar regelendringa ikkje vil få følgjer for andre naturreservat.

Rasmus Hansson

STORTINGSREPRESENTANT: Rasmus Hansson

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Det er, med respekt å melde, det reine tøv å hevde at ei forskriftsendring som er utført av Miljøverndepartementet ikkje skaper presedens, og tøv å hevde at ein ikkje vil vise til regelendringane i andre saker.