Hopp til innhold

Fryktar lovlause tilstandar utan politi: - Mange tek større sjansar

Båtfolket fryktar lovlause tilstandar på sjøen i sommar. I dag er det nemleg ingen politibåt mellom Bergen og Trondheim.

Video Fryktar lovlause tilstandar

VESTLANDSREVYEN 1. JUNI 2011: Fryktar lovlause tilstandar langs kysten.

Mange fryktar det kan føre til at folk tek fleire sjansar og at det igjen fort kan føre til stygge ulukker.

- Det er veldig synd at politiet ikkje har eigne båtar, vi treng eit oppsyn til sjøs. Det skjer stadig ulukker og det er viktig at det finst folk som kan rykke ut dersom det skjer noko, seier Lars Kristian Hellesen i Florø.

- Folk tek fleire sjansar

Saman med kameraten Anders Solheim Book vert Hellesen stadig lokka av leiken på bølgjene utanfor Florø i Sogn og Fjordane.

Fram til i haust hadde politiet i kystbyen ein eigen politibåt, men no er den selt og det vert ikkje synleg politi til sjøs i fjordfylket.

Kameratane fryktar lovlause tilstandar og er svært kritiske.

- Det kan vere at folk tek fleire sjansar og til dømes køyrer med promille. Utan kontrollar kan folk som ikkje burde vere på sjøen få fritt spelerom og mange bryr seg gjerne ikkje med å ta båtførarbeviset slik det er krav om, seier Solheim Book til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Solheim Book (t.h) og Lars Kristian Hellesen

KRITISKE: Anders Solheim Book og Lars Kristian Hellesen fryktar lovlause tilstandar langs kysten utan synleg politi.

Foto: Simon Solheim / NRK

Store delar av kysten utan politi til sjøs

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane at politiet har måtte kvitte seg med politibåten. Dårleg økonomi har ført til at fleire politibåtar har forsvunne langs kysten.

I dag er det ingen politibåt mellom Bergen og Trondheim. Samtidig har også Kystvakta redusert beredskapen langs kysten av Sør-Norge frå fem til fire skip.

- Eg veit om mange som køyrer båt utan båtførarbevis, og utan politiet til å kontrollere dei kan dei jo berre fortsetje, seier Hellesen.

Også Redningsselskapet meiner det er ille at det ikkje finst ein einaste politibåt langs kysten av fleire fylker på Vestlandet.

Mistenkjer promille etter båtulukke

Seinast tysdag kveld skjedde det ei alvorleg båtulukke i Florø. Båten til to seksten år gamle gutar vart knust då ein mann i 40-åra køyrde over dei med sin eigen båt.

Mannen er mistenkt for promillekøyring og ein av gutane ligg framleis på intensivavdeling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Båtulykke i Florø

ULUKKE: Seint tysdag kveld køyrde ein båt over ein annan båt i stor fart. To gutar i 16-års alderen måtte til sjukehus.

Foto: Truls Kleiven

- Det er svært frustrerande

For politimeisteren i Sogn og Fjordane er situasjonen utan eigen politibåt svært frustrerande.

Politimeister Johan Brekke

FRUSTRERT: Politimeister Johan Brekke likar dårleg at Sogn og Fjordane er utan politibåt.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Eg skulle gjerne sett at vi kunne hatt kontrollar på sjøen i større grad. Men dette er eit ressursspørsmål, og vi har ikkje ressursane tilgjengeleg, seier politimeister Johan Brekke til NRK.no.

Han seier samtidig at politiet vil vurdere å ha enkelte kontrollar langs kysten av Sogn og Fjordane i sommar.

- Vi vurderer om vi skal leige inn båtteneste med Hordaland politidistrikt enkelte dagar, seier Brekke.

Politimeisteren presiserer samtidig at vakt og beredskap er sikra ved at politiet har avtalar med private båtselskap. Dette skal sikre at politiet kjem seg til og frå dersom noko skjer.

- Det vert meiningslaust

Dei to båtglade ungdomane Anders Solheim Book og Lars Kristian Hellesen håpar på si side at noko vert gjort for å betre politiet sine kontrollar.

Slik politiet til tider held på i dag vert det meiningslaust, meiner dei to.

- Etter at dei selte båten sin har eg blitt vinka i land av politiet som står på land og blinkar med lysa på politibilen sin. Dersom det hadde vore ein person som køyrer med promille hadde vedkommande lett kunne køyrt der i frå og laga endå større problem, seier Hellesen oppgitt.