Ferje sneia oppdrettsanlegg - fryktar lakserømming

Fiskeridirektoratet er i gang med undersøkingar etter at ei ferje sneia inn i eit oppdrettsanlegg mellom Fure og Askvoll. Det er no mistanke om at oppdrettslaks har rømt.

Sandnes fiskeoppdrett

HER SKJEDDE DET: Det var desse mærene som fekk eit ublidt møte med ferja Eid.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Vi kan bekrefte at vi har fått melding frå oppdrettsanlegget der det er mistanke om rømming, det seier Paul Jacob Helgesen, ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy.

Onsdag ettermiddag skal ferja «MF Eid», som går på Fure-Askvoll sambandet, ha streifa borti eit oppdrettsanlegg og laga flengje i ei merd. Det er no mistanke om at fleire laks har rømt.

– Vi veit ikkje så mykje enda, men det er tilsynelatande berøring av eit lakseanlegg, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Færøyvik.

Fjord1 er i gong med å undersøke saka, men veit førebels lite om kva som er årsaka.

– Det er for tidleg å seie noko om årsak før vi har fått sjekka grundig. Det aller viktigaste som ein er i gong med no er å sjekke om det er fare for rømming og slike ting. Det er veldig viktig for anleggseigaren, fortel Færøyvik.

Dei ventar no på ein rapport frå Fiskeridirektoratet med omsyn til omfanget av ei eventuell rømming.

– Vi sjekkar og hos oss i forhold til teknisk og ferjemannskap, seier Færøyvik.

Fiskeridirektoratet er i dag, fredag, på plass på anlegget.

– Vi er på staden og gjer undersøkingar for å prøve å få ei oversikt og eventuelt avgrense skadane, opplyser seksjonssjef Helgesen.