Hopp til innhold

Fryktar krise for kokkeyrket - mange lærlingar stryk på fagprøven

Sju av ti kokkelærlingar i fylket stryk til fagprøven. No ropar kokkelauget eit varsku.

En kokk som arbeider i kjøkkenet på Operakjelleren

UROA FOR KOKKEYRKET: Mange kokkelærlingar stryk på fagprøven fordi dei manglar elementære kunnskapar om råvarer og teknikkar.

Foto: Anne-Cathrine Reuterdahl / NRK

Elevane er lite motiverte, og det er null interesse for å delta på NM for kokkelærlingar, skriv Firdaposten.

Kokkelaugs-sekretær Kent Ole Strømsøy er uroa. Han seier det er fortvilande å sjå det som skjer, og seier til avisa at han er svært uroleg for det som skjer med faget hans.

– Det er skikkeleg fortvilande å sjå kva som skjer. Eg er veldig uroa, seier han.

– Ikkje nok motiverte

Strømsøy seier det er altfor få som verkeleg har interesse for faget. Mange kjem inn på andre- eller tredjevalet sitt og er difor ikkje nok motiverte.

– Vi må også sjå om lærarane er gode nok eller treng kompetansepåfyll. Eg trur også mange bedrifter sviktar når det gjeld oppfølging av elevane. Vi slit også med at kokkeyrket er dårleg løna.

Er lite imponert

Florø-kokken Tore Skarstein har vore sensor ved fagprøvane dei siste åra. Han er ofte lite imponert over nivået han møter og seier dei ikkje er for strenge.

– Det sviktar på alt frå handtering av råvarer til teknikkar. Når kandidatane ikkje kan koke ei lammekraft eller bake eit sukkerbrød, kan vi ikkje sleppe dei laus på eit etande publikum, seier han til Firdaposten.

NHO-direktør Jan Atle Stang seier dei kjenner til problemet og seier dei jobbar for å heve statusen til kokkeyrket.

– Det er liten tvil om at kokkefaget har store utfordringar, seier han.