Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane av filmkutt - meiner bransjen sitt bidrag er undervurdert

Sigmund Elias Holm og Vestnorsk filmkommisjon ber fylkeskommunen revurdere kutt i filmstøtte.

Morgan O’Sullivan (t.v.) og Sigmund Elias Holm

TRENG PENGANE: Sigmund Elias Holm (t.h.) håpar fylkeskommunen held fram med å støtte filmbransjen. Her er han saman med Morgan O’Sullivan, produsent av dramaserien Vikings, på visningstur i Nærøyfjorden.

Foto: Privat

– Det er dramatisk for oss, då vi har eit lite driftsbudsjett. Sogn og Fjordane bistår med nesten ein tredjedel av budsjettet vårt, seier Sigmund Elias Holm.

Han er leiar i Vestnorsk filmkommisjon, og arbeider no med fleire store filmproduksjonar som han håpar å kunne lokke til Vestlandet. Det meiner han kan gi store ringverknader for regionen.

Samstundes fryktar han å gå glipp av den økonomiske støtten frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylket er inne i ein prosess der ein må kutte over 230 millionar kroner, og 800.000 av desse er føreslegne kutta i filmstøtte.

Har tidobla aktiviteten siste åra

For Vestnorsk filmkommisjon åleine betyr det 300.000 kroner i kutt.

– Vi hadde produsenten av Ringenes Herre på besøk for eitt år sidan, og vi jobbar med andre store filmprosjekt som har regionen i sikte. Men for oss blir det ein umogleg driftssituasjon om støtten blir kutta, seier Holm.

– Det er uvisst om vi kan jobbe vidare med dette - og det i ei tid der ein på nasjonalt hald tek til orde for betre vilkår for internasjonale filmar på Vestlandet.

Vestnorsk filmkommisjon representerer Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Holm synest det vil vere underleg om eitt av fylka ikkje lenger skal vere ein del av dette arbeidet.

– Sogn og Fjordane har vore med og støtta oss - som første filmkommisjon i Norge - over ein periode på 12 år. No har vi bygd opp ein stor interesse for Vestlandet som innspelingsstad, og det har vore ein tidobling i filmaktivitet dei siste åra. Då er det eit svært uheldig tidspunkt å kutte i støtten til dette arbeidet no, meiner han.

– Store verknader for næringslivet

Den totale filmstøtten frå fylkeskommunen har vore på 800.000 kroner dei siste åra. Dette har fordelt seg på 300.000 kroner til Vestnorsk filmkommisjon, 300.000 kroner til Vestnorsk filmsenter og 200.000 kroner til filmfondet Fuzz.

Holm meiner dei samfunnsmessige verknadane har vore store.

– Det eine er midlane som sjølve innspelinga legg igjen lokalt. Berre innspelinga som no går føre seg i Fjærland av «Dukken i taket» legg att om lag seks millionar kroner til hotell- og servicenæringa i kommunen.

Han legg til:

– Vidare er det den internasjonale merksemda det medfører å vere på internasjonale filmlerret verda rundt - og den effekten det igjen kan ha for reiseliv, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Olav Fretland

TØFT: Jan Olav Fretland er nestleiar i fylkeskulturutvalet. Han kan ikkje love at filmbransjen får støtte også i åra framover.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Dette er ein tøff prosess for alle

Saka kjem på fylkespolitikarane sitt bord i slutten av september. Jan Olav Fretland i fylkeskulturutvalet meiner også filmbransjen må vere førebudd på kutt.

– Det er for gale om vi ikkje skal klare å halde oppe denne typen naudsynt støtte. Men vi i fylkeskulturutvalet må spare 24 prosent, og det er 17 millionar av våre vel 60 millionar. Då er ingen freda. Akkurat no veit vi ikkje noko om korleis vi skal gripe det an, seier han.

– Eg meiner ein ikkje bør kutte på kultur i nedgangstider. Då skal ein bruke det til å halde oppe det omdømet ein har bygt opp rundt natur og kultur, legg Fretland til.

– Slik tenkjer ein vel i alle sektorar...?

– Det vil eg tru. Så er spørsmålet kva slags argument som får gjennomslag. Hovudpoenget vårt er at vi har bygd opp fylket som eit livsstilsfylke, eit kultur- og naturfylke med naudsynt offentleg støtte. Vi er ikkje mange nok til at slike tilbod skal vere reint publikumsfinansiert. Men dette er ein tøff prosess, seier Fretland.