Hopp til innhold

Fryktar heile Odda kan bli isolert grunna ras

Odda kommune er i kriseberedskap som følgje av dei store mengdene nedbør. Ordføraren fryktar at heile kommunen i verste fall kan bli isolert på grunn av ras.

Opo i Odda

I FULL BEREDSKAP: Odda har sett inn krisestab som følgje av uvêret.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Rasfaren er overhengande. Vi risikerer at alle vegane inn og ut av kommunen kan bli stengt på kort varsel, seier ordførar Roald Aga Haug.

På grunn av dei store nedbørsmengdene har Odda kommune i dag bestemt seg for å setje krisestab.

To av fire vegar stengt

– Det har allereie gått ras på nokre av vegstrekningane inn og ut av kommunen. Om nokon til eksempel skulle bli sjuke vil vi vere sikre på at vi har gjort alt vi kan for at dei skal kome seg til sjukehus, seier ordføraren.

I ettermiddag er to av fire vegar ut av kommunen stengt. Tidlegare i dag var det tre.

Sjå kva vegar som er stengde her.

Bør halde seg vekke frå vegane

Kommunen har mellom anna sendt helsepersonell til alle delar av kommunen. Det er også sett opp ein båt som på kort varsel kan frakte folk mellom sentrum i Odda og andre bygder.

– Folk bør halde seg vekke frå vegane dersom det er mogeleg. Ein bør også følgje med på kommunen sine nettsider og i media, slik at ein veit kva vegar som er stengde, seier ordføraren.

Roald Aga Haug

KRISESTAB: Ordførar Roald Aga Haug og Odda kommune har sett inn krisestab på grunn av uvêret.

Foto: Tale Hauso / NRK

Følgjer med på Opo-vassdraget

Folk i Odda veit godt kor alvorlege konsekvensar store mengder regn kan ha. Det er berre litt over eit år sidan dei opplevde ein storflaum der fleire familiar mista heimane sine.

– Med dei erfaringane vi har i Odda vil vi vere på den sikre sida. Heldigvis er det inga overhengande fare for at Opo-vassdraget vil gå over breiddene sine slik situasjonen er akkurat no, men vi følgjer godt med, seier Aga Haug.

Kommunen og NVE er i ettermidag på synfaring ved Opoelva.

Ras ved Eikhamrane fylkesvei 550 Odda - Utne

RAS: Fylkesveg 550 er ein av dei fire vegane ut av kommunen. Slik såg det ut ved Eikhamrane i dag tidleg.

Foto: Geir Kroppan / Aarekol Trafikktjenester