Fryktar for sjukehustilbod

Ap-leiar trur vi kan ende opp med tre lokalsjukehus på grunn av sjukehuskrangel.

Sentralsjukehuset i Førde.

Sentralsjukehuset i Førde

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det er viktig for oss å ha god rekruttering til alle sjukehusa. Eg meiner vi treng gode lokalsjukehus samstundes som vi har eit sterkt sentralsjukehus, seier Jorunn Eide Kirketeig, gruppeleiar i Førde Arbeiderparti.

- Fordel

Etter at det vart bestemt at akuttpasientar som treng narkose etter til dømes beinbrot skal opererast på Sentralsjukehuset i Førde, har debatten rasa. 300 pasientar i året må reise frå lokalsjukehua til Førde for operasjon. Kirketeig meiner det vil vere ein fordel om operasjonane kan delast mellom lokal- og sentralsjukehusa.

- Slik eg ser det er det ikkje å ofre. Det er ikkje snakk om å gje opersjonar frå lokal- til Sentralsjukehuset. Lokalsjukehusa vil framleis ha sin funksjon, seier ho.

Uroa

- Det som uroar er at om vi ikkje byggjer godt nok opp kring Sentralsjukehuset vårt, blir det anten eller. Vi kan til slutt stå att med tre lokalsjukehus, seier ho.

- Å fordele operasjonane bidreg til at Sentralsjukehuset får styrka seg, legg ho til.