Hopp til innhold

27 tannklinikkar kan bli til 16 – kan gjere rekrutteringa endå tøffare

Tannlegeforeininga fryktar for rekrutteringa til yrket når Sogn og Fjordane fylkeskommune vil leggje ned ein bråte tannklinikkar.

Tannhelse

IKKJE VAKSNE: Ei omlegging av tannhelsetilbodet kan bety at tannlegane i fylket ikkje får drive med vaksenbehandling som dei kan ta betalt for.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Som del av fylkeskommunen sin spareplan kan så mange som 16 av dagens 27 tannklinikkar bli lagde ned.

I så fall vil det berre vere born og andre med lovpålagd rett til tannbehandling som får kome til.

Fylkesleiar John Svanevik i tannlegeforeininga er uroa for konsekvensane, og fryktar ein slik kvardag vil vere lite attraktiv for spesielt nyutdanna tannlegar.

– Om tannlegane berre får jobbe med det prioriterte klientellet, og ikkje får drive med vaksenbehandling, får dei berre jobbe med ein liten del av det dei er utdanna til. Det kan gå utover rekrutteringa, ved at det blir vanskeleg å få tak i nye tannlegar, seier Svanevik.

«Redusert bemanning, inga inntening, vanskeleg å rekruttere»

Om regjeringa får gjennomslag for sitt nye inntektssystem for fylkeskommunane, vil det bety store kutt for fylkeskommunen i fjordfylket. Om fem år vil dei ha 224 millionar kroner mindre å rutte med, noko som vil bety knallharde kutt på alle felt.

Finansutvalet skal i dag sjå nærare på smørbrødlista av kuttforslag frå fylkesrådmann Tore Eriksen. Fylkespolitikarane veit at dei må bruke sparekniven, og tannhelsesektoren er blant sektorane der det kan bli store forandringar.

I notatet frå fylkesrådmannen skriv han at fylkeskommunen kan yte eit forsvarleg tilbod innan tannhelse med færre klinikkar enn i dag. Det blir vist til at ein kan leggje ned 16 klinikkar og gjennomføre ei vesentleg sentralisering for å få større einingar.

Men også Tore Eriksen ser utfordringane. Han skriv at dette vil bety redusert bemanning, inga inntening, vanskeleg å rekruttere og stabilisere tannlegar når dei ikkje får behandle vaksne betalande pasientar.

Kan også få positive effektar

Fylkesleiaren i tannlegeforeininga delar uroa for rekrutteringa, men er samtidig ikkje spesielt overraska over at det blir føreslått endringar.

– Det har lege i korta lenge at det vil skje noko med klinikkstrukturen i fylket. Vi har slite med bemanninga i mange år og det har vore vanskeleg å rekruttere tannlegar.

– Det er i dag veldig mange einmannsklinikkar, og vi veit at dei nyutdanna helst vil jobbe ved klinikkar saman med andre, slik at dei får vere del av eit større miljø, seier han og meiner det er positivt om det kan bli færre klinikkar med berre ein tannlege tilsett.

Likevel er han klar på at kutta vil vere ein balansegang, der problem med rekruttering kan gå utover pasientane.

– Får ein ikkje bemanna dei klinikkane ein skal ha kan det til sjuande og sist gå utover tannhelsa, seier han.