Hopp til innhold

Bondelagsleiaren fryktar mjølka vil renne ut av fylket med regionale kvotegrenser

– Mjølkeproduksjonen i distriktet vil bli utarma og flytta til sentrale strøk, seier bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren.

Per Hilleren

MISTAR MJØLKA: Bondelagsleiar Per Hilleren meiner konsekvensane av endringane i kvotereglane er eit utarma landbruk.

Foto: NRK

– Det er ein moglegheit for at mjølka kan renne ut av fylket ved å ha regionvise kvotar, seier bondelagsleiaren.

I går varsla Landbruksminister Sylvi Listhaug fleire endringar i kvotereglane for mjølkeproduksjonen. Ho vil mellom anna heve kvotetaket per gardsbruk, eller fjerne det heilt.

Hilleren meiner konsekvensen blir eit utarma landbruk..

– Det er ikkje nokon fordel for Sogn og Fjordane at ministeren vil flytte kvotegrensene og legg opp til regionale grenser, seier bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren.

Bonden skal bestemme meir

Hilleren er redd mjølkeproduksjonen vert flytta til større områder utanfor Sogn og Fjordane som har ein tyngre og større mjølkeproduksjon.

– Noko som betyr at vi mistar mjølkeproduksjon i eit fylke som Sogn og Fjordane. Ein klarar ikkje halde oppe det vakre landskapet som mjølkeproduksjon er med på å skape, når ein flyttar moglegheita til å utnytte dei grovfôrressursane og arealet vi har i fylket, seier Hilleren.

– Målet til Listhaug er at bonden skal bestemme meir og staten skal bestemme mindre. Er ikkje det positivt?

– Jo, men eg trur at bonden ser veldig godt kva som tenar han best. Og vi veit at det er ikkje dette som er det mjølkeprodusenten i Distrikts-Noreg ønskjer. Han vil ta vare på mjølkeproduksjonen i det området han er, seier han.

– Då kan han vel berre la vere å selje kvoten sin?

– Ja, men når dei opnar for dette, og det er ungdomar som ønskjer å gå inn å starte i næringa i fylka som vert råka, så vil jo prisen på mjølkekvoten høgst sannsynleg auke betrakteleg. Og då vil jo kostnadane med å gå inn i mjølkeproduksjonen bli så høg at komande generasjonar ikkje tar seg råd til å gjere det, seier Hilleren.

Vil sikre rekruttering

Sylvi Listhaug

VIL ENDRE KVOTEREGLANE: Landbruksminister Sylvi Listhaug vil endre kvotereglane for mjølkeproduksjon.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Grunnen til at landbruksministeren ønskjer å opne for kjøp og sal av mjølkekvotar på tvers av fylkesgrensene er av omsyn til 200 mjølkebønder som ønskjer å produsere meir mjølk enn dei får lov til.

Marit Arnstad frå Senterpartiet meiner at Listhaug eksperimenterer med norsk landbruk.

– Det norske familielandbruket vil forvitre med desse reglene, meiner Arnstad.

– Det eg er oppteken av er å sikre rekruttering til landbruket. Vi har ei rekrutteringskrise der mange norske gardar no står overfor eit generasjonsskifte og det å få unge til å ta over viser seg å vere vanskeleg mange stader, seier Listhaug.

Difor meiner ho at det må leggjast til rette for ein politikk som gjer at bonden skal bestemme meir og staten mindre.

– Vi må leggje til rette for ein landbrukspolitikk som gjer at ein kan utnytte potensialet på garden sin over heile landet. Eg har reist rundt over heile landet og er fullt klar over at det er store skilnadar. Enkelte plassar er det vanskeleg å drive stort andre plassar er det enklare, seier ho.