Hopp til innhold

Har søkt gjennom bygningar på jakt etter trugande mann

Politiet har i kveld søkt gjennom mange bygningar i Erdalen i Oppstryn i von om å finne mannen som i dag truga til seg ein bil på riksveg 15 med kniv.

Politipatulje Stryn

LEITAR VIDARE: Politiet held fram leitinga etter den psykisk ustabile mannen som dei meiner er i Erdal i Oppstryn.

Foto: Arne Vik / NRK

Operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt fortel til NRK klokka 23.00 laurdag kveld at dei enno ikkje har funne mannen i 20-åra dei har leita etter sidan midt på dagen.

Svært kaldt i natt

– Vi har ikkje gjort nokon funn. Vi har gjennomsøkt ein god del av dette området, utan å gjere nokon observasjonar av personen, seier Avsnes.

Han legg vekt på at dei no tenkjer mest på korleis mannen har det, både med tanke på at han er psykisk ustabil, og at det er svært kaldt ute.

– Vi har gjennomsøkt eit stort tal hus og bygningar i området, men førebels utan resultat, seier operasjonsleiaren.

Folk i området har blitt bedne om å halde seg inne og låse dørene.

Vurderer meir mannskap

– Kjem de til å halde fram leitinga utover natta?

– Vi kan ikkje halde fram leitinga med same intensitet i timane framover, men vi vil halde fram så lenge vi finn det naudsynt også i natt, sler Avsnes fast.

Han legg til at dei i morgon tidleg vil vurdere å hente inn sivile ressursar i leitinga etter mannen i 20-åra. Det vil i praksis seie Røde Kors eller Sivilforsvaret.

Væpna seg

Politiet fann det rett å væpne seg med tenestevåpen då dei starta aksjonen for å finne mannen. Den vurderinga vart gjort etter at det kom fram at mannen hadde truga til seg ein bil med våpen i vegarbeidsområdet opp mot Strynefjellet langs riksveg 15.

Bilen vart funnen att i Erdalen, og i kveld levert attende til eigaren, opplyser politiet til NRK.