– Det er eit klatrestativ!
Somaya Ibrahim har hatt språkpraksis på Skei barnehage i Jølster kommune dei siste månadane. Språkpraksis er eit tilbod NAV tilbyr flyktningar for å hjelpe dei å lære norsk og førebu dei på det norske arbeidslivet.
Praktikantane skal delta i arbeidsdagen i ei bedrift på same måte som dei andre tilsette, og slik få ein fot innanfor det norske arbeidslivet.
Fryktar det ikkje finst nok plassar
Flyktningkonsulent i NAV Jølster, Maren Haugland, trur no det kan bli vanskeleg å skaffe praksisplass til alle når flyktningtalet går opp.
– Det er ikkje berre for kommunane å vere positive når UDI spør om ein kan ta imot 10–15 flyktningar. Ein må også tenkje på korleis ein tek imot dei. Ein må tenkje på ressursane i flyktningtenesta.
Haugland meiner kommunane må planlegge for tida etter introduksjonsprogramma.
– Med tid og stundar må ein også tenkje på NAV, og planlegge deretter. Når flyktningane er ferdig på introduksjonsprogramma melder dei seg på NAV som arbeidsledige.
– Kommunane skal legge til rette
Fylkesleiar i KS, Harald Offerdal, seier at kommunane heilt klart skal oppfylle dei krava som blir stilt dei. Problemstillinga rundt språkopplæring av flyktningar er noko dei har fokus på.
– Kommunane får jo tilskot for dei som er i introduksjonsprogram og dei som treng opplæring. Det skal ikkje vere noko problem at dei skal ikkje skal få det tilbodet dei har krav på.
Offerdal fortel at det skal planleggast for kvar enkelt flyktning, slik at dei får det tilbodet dei skal ha.
– Ein må tenkje langsiktig for å lage eit løp for den enkelte. I introduksjonsprogrammet er det eit krav om individuell plan. Det er ei problemstilling vi har fokus på.
– Her må vi snakke norsk
Ibrahim kom til Noreg i 2010, og til Jølster i 2011. No er ho halvvegs i sin språkpraksis ved Skei barnehage, og fortel om viktigheita av den.
– På norsksenteret skriv og les vi norsk, men vi snakkar ikkje så mykje. I pausane snakkar vi ofte andre språk. Men i språkpraksis må vi snakke norsk, seier Ibrahim.