Hopp til innhold

Fryktar for framtida til norske sommarskisenter

Sesongane til sommarskisenter i Noreg vert stadig kortare på grunn av varmare vêr. No fryktar fleire i bransjen at det snart er kroken på døra.

Stryn sommarskisenter

TØFFE TIDER: Høge temperaturar gjer at sesongane for fleire sommarskisenter vert minimert. Arkivbilete frå alpinsenteret ved Stryn Sommerski.

Foto: Magne Brekke

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Me er svært urolege for framtida, seier Nina Lensebakken, dagleg leiar ved Stryn Sommerski.

Rekordtidleg sommarstengt

Som følgje av ein auke i temperaturar dei siste tiåra har mengdene med snø på sommarskisentera i Noreg, vorte betrakteleg mykje mindre. Sommarskisenteret på Strynefjellet, har dei siste åra hatt svært korte sesongar. No fryktar den daglege leiaren for framtida til senteret.

– Det er urovekkande. I fjor var det «rekord»-sesong med berre 15 driftsdagar. Det er nesten ikkje sommarski lenger, seier Nina Lensebakken.

Nina Lensebakken

FRYKTAR FOR FRAMTIDA: – Det vert jo kroken på døra når ein ikkje har snø, seier dagleg leiar Nina Lensebakken i Stryn Sommerski.

Foto: Silje Guddal / NRK

I år vart skisenteret stengt den 23. juni. Lensebakken er redd det snart ikkje er mogleg å drifte senteret lenger.

– Me har håp om at det skal snu, men det er ikkje akkurat lønnsamt å drifte når det ikkje går rundt. Det ser dystert ut, seier ho.

Pleidde å halde til langt ut i august

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V), har vore ein sentral skikkelse i alpinmiljøet i Sogn og Fjordane over fleire tiår. Han er skremd over utviklinga han har sett, på så kort tid.

– På starten av 90-talet kunne ein rekne med at sommarskisenteret på Stryn kunne halde til langt ut i august. I dag er det heilt andre forhold, seier han.

Atle Hamar

ALVOR: Atle Hamar (V) fryktar for framtida til norske sommarskisenter. Han meiner klimaendringane ikkje vert tatt alvorleg nok.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hamar fryktar det kan vere over for fleire skisenter om kort tid, dersom utviklinga held fram.

– Me har gradvis sett at klimaet har vorte varmare og at breane har minka. Sesongane har vorte forkorta med mange veker berre på nokre år. Me har ei utvikling som gjer at det snart ikkje vil vere mogleg å drive skisenter, seier statssekretæren.

Problematisk at breane forsvinn

Ein av dei store bekymringane til fleire sommarskisenter er at breane smeltar i stor fart. På Strynefjellet er det ikkje lenge sidan dei måtte gje opp breheisen fordi breen hadde smelta så mykje ned at massane ikkje heldt.

Hamar meiner det er viktig at folk byrjar å ta klimautviklinga på alvor, men er redd det er for seint for norske sommarskisenter i framtida.

– Eg besøkte Brøggerbreane på Svalbard for ikkje lenge sidan. Forskaren der sa at breen minkar med 2,5 meter i året. Han sa også at dersom utviklinga fortset så har me ikkje brear innan 2100.

For enkelte sommarskisenter kan ei mellombels løysing vere å byrje sesongen tidlegare. Sidan Stryn sommerski ligg langs ein nasjonal turistveg, så får dei ikkje opne før 1. juni. Hamar er einig i at å flytte sesongopninga til tidlegare på året kunne ha hjelpt senteret, men påpeikar at dette ikkje løyser det store problemet på sikt.

– Det løyser ikkje utfordringa i det store biletet, nemleg at driftssesongen vil vere kort fordi breen forsvinn etter kvart, seier han.

Vil slite heile året

Forskar ved Vestlandsforsking Carlo Aall fryktar at temperaturmangel vil føre til at skisenter som held ope på vinterstid også vil få store problem i framtida.

– Mange vil ikkje klare det som er ein slags tommelfingerregel, å vere ope 100 dagar i året. For sommarsenter så vert det sjølvsagt enda verre, seier han.