– Dette blir ein spennande vinter, seier dagleg leiar i Nordrikk Arild Åshamar.
Transportbransjen fryktar ny ekstremvinter på fjellet. Dagen før veslejulaftan stengde rv15, og opna ikkje att før julaftan på grunn av rasfare. 1. juledag gjekk raset og stengde vegen igjen, den opna ikkje før 3. juledag.
– Det har vore nokolunde greitt dei seinare åra, men no har vi fått mykje snø tidleg. Eg ventar vel meir stenging framover, seier Åshamar.
Nordrikk på Nordfjordeid distribuerer for Ringnes i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fleire gongar dagleg køyrer vogntog over Strynefjellet til Otta.
Men når Strynefjellet er stengt blir bilane tvinga til milevis på omvegar via Åndalsnes.
Overvakar nøye fjellsida i det farlege partiet
Avdelingsleiar ved Norsk Geoteknisk Institutt Ulrik Domaas overvakar det rasutsette partiet i Grasdalen på Strynefjellet nøye.
Domaas seier det er uråd å vite korleis vinteren utviklar seg:
– Det er kome opp mot 2 meter snø i Grasdalen, det kan framleis kome mykje snø. Tidlegare opp mot fem meter.
Rasa går utom overbygga
Partiet som er skummelt ligg mellom dei to øvste tunnelane før høgfjellet. Her er fjellet bratt, og vegen ligg tett til fjellsida.
– Det er Sætreskarfjellet som er verst. Der er rasoverbygg, men skreda blir så store at dei kryssar vegen i stor lengde. Ras kan gå inn i tunnelen, seier Domaas.
Ny veg i uvisse
Politikarar frå ulike regjeringar har kome med fagre lovnader om ny veg over Strynefjellet, ikkje minst fordi tunnelane er tronge og brannfarlege.
Ordførar i Stryn Sven Flo (H) er også vara til Stortinget, og vedgår at ting går treigt:
– Situasjonen på Strynefjellet er ganske håplaus, det er slike situasjonar som i jula vi fryktar kvar vinter, og det har vi sagt også til dei sentralt.
– Du er høgremann, så då må jo dette også handle om ditt eige parti?
– Vi føler at vi lokalt har jobba knallhardt med dette. Det er for mykje ballspel sentralt, for mykje fram og tilbake. Det som er viktig no er at det kjem avklaringar, seier Flo.
– Det burde vore gjort noko for lenge sidan
Sjåfør i Nordrikk Jan Ole Haus er ikkje imponert:
– Eg trur det er mange med meg som meiner det er heilt håplaust at det ikkje har blitt gjort noko
Arild Åshamar er samd. Trafikken over Strynefjellet er veksande og nærmar seg eit årssnitt på tusen bilar.
– Det burde vore gjort noko for lenge sidan, og einaste alternativet er ny tunnel.