Hopp til innhold

Fryktar fleire må på hybel

Alle vidaregåandeelevar i Gulen må flytte på hybel fryktar ordførar Hallvard Oppedal etter at det vart kjent at ein ønskjer å leggje ned Austrheim vidaregåande skule i Hordaland. Det er den næraste skulen for elevar i Gulen, men den er foreslått lagt ned ifrå 2020. Då vert dei næraste skulane i Dale, Førde og Høyanger. – Det er tale om ei reisetid på fleire timar, og då vert det uaktuelt for elevar i Gulen å bu heime medan dei går på vidaregåande, seier Oppedal.

Hallvard Oppedal
Foto: Noralv Pedersen / NRK