Fiskarlaget krev no at Stortinget stoppar forlaget som kan koste fiskerinæringa 500 millionar kroner. Leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Nils Myklebust, ser på den nye avgifta som ei krigserklæring mot næringa.
Nils Myklebust
- Har slite i mange år
- Avgiftsauken er så formidabel at ikkje nokon næring har vore pålagt noko slik avgiftsauke som det er lagt opp til, seier Myklebust. Han har snakka med mange som seier at dei no gir seg. - Vi har slite i fleire år, og ser lysning i tunnelen med betre prisar, så kjem dette på toppen, seier fiskarlagsleiaren.