Hopp til innhold

Fryktar eit svekt dyrepoliti etter flytting: – Svært uheldig

Dyrevernalliansen fryktar at regjeringa si satsing på eit eige dyrepoliti er i ferd med å smuldre opp.

Dyrepoliti

PÅ FLYTTEFOT: Det var i 2015 at Stortinget gjekk inn for å etablere eit eige dyrepoliti i Noreg. Målet er å auke fokuset på vald mot dyr.

Foto: Ann-Kristin Hanssen / Fremover

– Urovekkande, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar og jurist i organisasjonen Dyrevernalliansen.

I 2015 vedtok Stortinget å opprette eit eige dyrepoliti. I Vestland fekk Florø tre øyremerkte stillingar som skulle jobbe med dyrekriminalitet.

Men når stillingane no vert flytta Sogndal er satsinga ikkje like tydeleg. I utlysingsteksten står blant anna følgjande: «ein skal vere ein del av grunnberedskapen i Vest politidistrikt, og utføre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga».

Det skapar bekymring hos Dyrevernalliansen.

Live Kleveland

BEKYMRA: Live Kleveland i Dyrevernalliansen meiner det er uheldig at stillingane skiftar plass medan ein framleis er i oppstartsfasen.

Foto: Dyrevernalliansen

– Slik det ser ut for meg, legg stillingsutlysinga opp til at politietterforskarane skal utføre fleire oppgåver enn å jobbe berre med dyrekriminalitet, seier Kleveland.

Firdaposten omtalte saka først.

– Urovekkande

Venstre og Framstegspartiet var mellom partia som kjempa for eit eige dyrepoliti i Noreg.

– Det er svært urovekkande om politiet no legg opp til å nytte ressursar som er avsette til å avdekke og etterforske kriminalitet mot dyr, til «ordinære» politioppdrag, seier Frank Willy Djuvik, fylkespolitikar for Vestland Frp.

Etter at det blei oppretta eigne dyrepoliti i fleire politidistrikt, har fleire saker knytt til dyrevelferdskriminalitet blitt etterforska og tatt til retten, og straffene har i tillegg blitt strengare, fortel Djuvik.

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, meiner politiet må sette av ressursar til å oppklare dyremishandling.

– Dei må prioritere arbeidet vi har gitt dei, og justisministeren må sikre at politiet følger opp politiske vedtak.

– Vanskeleg å rekruttere

Helge Stave er leiar for Felles eining for etterretning og etterforsking i Vest politidistrikt. Ifølgje han har det vore utfordringar med å få rekruttert personar til stillingane i Florø.

– Dette er berre ein av fleire grunnar til at vi no vil prøve å flytte stillingane til Sogndal, seier Stave.

Han meiner dyrevernorganisasjonen ikkje har grunn til å uroe seg, og seier stillingane skal vere mobile.

– Det er ikkje slik at det blir mindre fokus på dyrekriminalitet, seier Stave.

Helge Stave

IKKJE DRAMATISK: Helge Stave er einingsleiar i Vest politidistrikt. Han seier at det ikkje blir mindre fokus på dyrekriminalitet når stillingane blir overført til Sogndal.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Han seier dei presiserer i utlysingane at dei krev at søkarane følgjer den operative treninga.

– Dei som har hatt stillingane fram til no har også vore ein del av grunnberedskapen i distriktet og dermed følgt desse treningane. Dersom ein er lei av slik trening er ikkje dette stillinga å søke på, seier han.

– Betyr ikkje det at stillingane no omfattar meir enn dyrekriminalitet?

– Nei, vi samarbeider med lensmenn der vi har folk, men desse stillingane er ikkje sette av som ein fast del av beredskapen.

Krevjande å sitte aleine

Jurist Inger Helene Stenevik har den tredje stillinga i dyrepolitiet i Florø. Stillinga hennar blir verande i Florø.

Inger Helen Stenevik

ALEINE: Jurist Inger Helene Stenevik i dyrepolitiet blir igjen i Florø, medan resten av dyrepolitiet skal til Sogndal.

Foto: Privat

Ho er redd for at det blir krevjande å samarbeide digitalt.

– Erfaringane våre med ei samla eining er positive. Vi jobbar ofte med grove saker, og har bilde, video og skildringar av grov dyremishandling. Det er utfordrande å sitte med aleine, seier ho.

Også Dyrevernalliansen er redde for at splittinga vil svekke arbeidet.

Live Kleveland meiner det er nødvendig å byggje opp ein fast stab som er spesialisert på denne type kriminalitet.

– Grov kriminalitet mot dyr er alvorleg, og sakene er ofte kompliserte både bevismessig og fordi dei krev kunnskap om dyrehald, seier ho.