Hopp til innhold

Fryktar det skal bli mindre av dette

Barne- og ungdomsorganisasjonane vil kunne gje eit langt dårlegare tilbod til barn og unge i åra framover. Det fryktar både politikar og organisasjonane sjølve.

Aktivitetar for barn og unge i regi av frivillige organisasjonar

FÅR PRØVE SEG: Frivillige organisasjonar arrangerer kvart einaste år ei rekke ulike aktivitetar for barn og unge.

Foto: May-Kristin Ulla Bjørmlund/Gunn Evy Auestad/Alf Vidar Sæland

Barnehender som får koke i grytene, søke i snøen etter snop eller spikke på speidarleir. Alt dette er eksempel på aktivitetar som barn og ungdom kan få vere med på i regi av frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.

Men no føreslår Regjeringa å endre måten frivillig arbeid blir finansiert på.

Fylkestingspolitikar Torbjørn Vereide for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane trur det kan få dramatiske følgjer for tilbodet den oppveksande generasjonen får.

Torbjørn Vereide desember 2015

KULTURKANNIBALISME: Torbjørn Vereide meiner forslaget er svært dårleg, fordi organisasjonar som driv aktivitetar for barn og unge, no i endå større grad må kjempe om dei same kronene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Konsekvensen er at frivilligheita med barn og ungdom plutseleg må kjempe om tippemidlane mot andre aktivitetar for barn og ungdom. Det blir ein slags kulturkannibalisme oppi det heile.

Difor er dei uroa

Det er ikkje berre Vereide som er uroa etter at Regjeringa før helga la fram forslaget til statsbudsjett for 2017. LNU, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, deler kvart år ut 130 millionar kroner til lokal frivillig aktivitet.

Til no har pengane i deira såkalla Frifond kome delvis over statsbudsjettet og delvis frå overskotet til Norsk Tipping. No blir det føreslått at pengane berre skal kome frå Norsk Tipping.

Sidan overskotet til Norsk Tipping ikkje er det same år etter år, vil det også få konsekvensar for organisasjonane som dermed må kjempe om ein varierande pott kvart år, seier Vereide.

– I praksis betyr det at lokale 4H-lag, Røde Kors-lag og engasjerte ungdomar risikerer at dei eit år får mindre pengar til å drive aktivitet.

– Eg er frykteleg redd for at dette blir uføreseieleg, og at vi då kan sjå at aktivitetsnivået blir lågare, seier Ap-politikaren.

– Mindre føreseieleg og mindre tilgjengeleg

Stian Seland

BER DEPARTEMENTET OM Å SNU: Stian Seland og LNU vil jobbe for å få Stortinget til å gripe inn. Dei meiner budsjettforslaget trugar barn og unge sitt frivillige engasjement.

Foto: Niklas Lello

Også Stian Seland, styreleiar i LNU, meiner ordninga i praksis vil bety mindre pengar til lokal, frivillig aktivitet for barn og unge.

– Med dette budsjettet vil barne- og ungdomsfrivilligheita i realiteten oppleve kutt som vil føre til færre aktivitetar, færre helgesamlingar og færre unge frivillige, seier han.

Han meiner styrken til Frifondet deira til no har vore at dei har hatt to bein å stå på. Det eine har vore pengane som er løyvd over statsbudsjettet, det andre pengane som kjem frå Norsk Tipping.

– Forslaget vil gjere ordninga mindre føreseieleg og tilgjengeleg. Den blir mindre føreseieleg fordi ein aldri veit kor stort overskotet til Norsk Tipping er. Og ordninga blir mindre tilgjengeleg fordi vi må vente til overskotet deira er klart i mai, før vi kan begynne å dele ut pengar.

Avviser kutt

Bård Folke Fredriksen

FORSVARAR FORSLAGET: Bård Folke Fredriksen i Kulturdepartementet nektar for at forslaget vil bety mindre pengar.

Foto: nyebilder.no

Statssekretær Bård Folke Fredriksen (H) i Kulturdepartementet meiner derimot at det ikkje vil vere snakk om mindre pengar.

Han seier det også i statsbudsjettet vil variere kor mykje pengar som blir løyvd, og at det difor ikkje vere mindre føreseieleg at pengane berre skal kome frå Norsk Tipping.

– Dette er ikkje noko kutt i pengar. Dette handlar om korleis ein finansierer dei pengane som skal fordelast. Også statsbudsjettet blir løyvd kvart år, og ingen har garantiar for kva som kjem på statsbudsjettet neste år. Så ei slik ordning er ikkje mindre føreseieleg enn å eventuelt stå på statsbudsjettet, seier han.