Hopp til innhold

Fryktar nokon har sett fyr på skogen hans

KAUPANGER (NRK): Etter seks skogbrannar på knappe to veker, blir skogeigaren stadig sikrare på at ein brannstiftar går laus. – Dette er ikkje tilfeldig, seier Anders Bjærke.

Skogeigar Anders Bjerke

FRYKTAR DET VERSTE:Skogeigar Anders Bjærke var sjølv med på å sløkke brannen ved Amla på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er litt uroa. Eg trur det er ein person som ikkje forstår konsekvensane av dette. No har vi vore heldige og klart å sløkkje brannane tidleg, men det skal berre litt meir vind til, så ryk det meste av denne skogen med, seier Bjærke.

Med ekstrem stor skogbrannfare i Sør-Noreg er det svært lite som skal til for at store område går tapt om det først tek fyr. Kaupangerskogen i Sogndal kommune er ein av dei største skogane på Vestlandet, og det er store verdiar i furuskogen som fleire stader ligg tett inntil busetnad.

Sidan 24. mai har det vore seks mindre skogbrannar i området. Takka vere rask innsats frå folk som har kome til, og brannvesenet, har dei små skogbrannane ikkje fått utvikla seg til noko større.

Då brannvesenet i ettermiddag var i ferd med å kjøle ned bakken etter ein skogbrann ved Amla, kom meldinga om ein ny brann ved Dalaker, berre nokre kilometer unna. Dette blir den femte og sjette brannen på knappe to veker.

– Eg har vore i dette yrket i mange år, og dette er veldig spesielt, seier innsatsleiar i Sogn brann- og redning, Elmer Sjøvoll.

Helge Ruud, ein av bøndene som var med på sløkkinga av brannen ved Amla på Kaupanger

GYLLEVOGN PÅ PLASS: Fleire bønder var onsdag kveld med på sløkkjearbeidet på dei to skogbrannane på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Neste gong kan det gå mykje verre

Etter den første brannen fann skogeigar Anders Bjærke ei fyrstikk i vegkanten like ved. Då trudde han at det var tilfeldig, og at nokon hadde vore uforsiktige. Etter fem brannar til er skogeigaren overtydd om at brannane er påsette.

Anders Bjerke

– NO MÅ DET SKJE NOKO: Anders Bjærke er inngift i Heiberg-familien, og er ein av dei store skogeigarane på Kaupanger. Han trur brannane er påsette, og håpar politiet klarar å finne ut kven den eller dei som står bak, er.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I ettermiddag var Bjærke ein av dei første som kom til brannområdet ved Amla. Då hadde to andre allereie tømt pulverapparata sine.

– Det brann mange plassar. Men dei hadde klart å stogge ganske mykje, og då eg kom til med eitt apparat til, klarte vi å få sløkt det meste av flammane.

Også brannen ved Dalaker vart raskt sløkt. Bjærke fryktar dei ikkje er så heldige neste gong.

– Neste gong kan det gå ekstremt mykje verre.

Skogbrann ved Amla i Kaupanger 6. juni 2018

SVIDD AV: Eit område på rundt 150 kvadratmeter vart svidd av i brannen ved Amla på Kaupanger onsdag ettermiddag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Blir nervøs

Helge Ruud er bonde på Dalaker. Han kom til med gyllevogna si med vatn då det byrja brenne i skogen i området i kveld. Etter seks skogbrannar er han uroa.

Helge Ruud deltok i brannsløkkingsarbeid med gyllevogn

I BEREDSKAP: Etter brannane i kveld har Helge Ruud på nytt fylt opp gyllevogna si med vatn. – Det er litt vel mange brannar til at det kan vere tilfeldig.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er litt ekkelt. Ein blir nervøs av dette.

Sjøvoll i brannvesenet håpar politiet raskast mogleg finn ut kva som har skjedd.

– Det har litt med innbyggjarane å gjere, som sikkert føler at det er veldig ubehageleg med så mange brannar på kort tid. Dette må vi få sett ein stoppar for, seier Sjøvoll.

– Eg forventar at politiet gjer noko no, seier skogeigar Bjærke.

– Ingen mistenkte

Sondre Lillebostad

ETTERFORSKAR BREITT: Politibetjent Sondre Lillebostad vil ikkje spekulere i moglege brannårsaker.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Politibetjent Sondre Lillebostad var på brannstadane onsdag kveld. Han vedgår at det er spesielt med så mange branntilløp i det same området.

– Verstefallteorien er alltid at det er påtent, beste er at det har skjedd av seg sjølv. Vi må etterforske både best og verst, og det imellom.

Politiet har gjort avhøyr av vitne, gjort undersøkingar på brannstadane og bede publikum om tips. Så langt er dei ikkje nærare noko svar på årsaka til brannane.

– Vi prøvar å sjekke ut dei tipsa vi får, men vi har ingenting som gjer at vi har nokon mistenkte.