Hopp til innhold

Fryktar vi hamnar bakevja

Bibliotekforeininga fryktar at Sogn og Fjordane skal hamne i bakevja. Dei utfordrar Fylkesbiblioteket til å skaffe e-bøker til folket.

E-bok

FRAMTIDA: E-bok blir sett på som framtida for bokbransjen. Men både jus, teknologi og økonomi skapar problem for å kunne tilby e-bøker i biblioteka.

Foto: Colourbox

Nokre likar kjensla av tørt papir når dei skal lese ei bok, men stadig fleire vel digitale bøker på ulike skjermar.

No diskuterer biblioteka korleis vi skal kunne få tilgang på slike. Berre nokre få fylke har funne ut av det. Sogn og Fjordane er ikkje blant dei.

– Vi vil jo ikkje vere eit bakevje-fylke. Nokre fylke har starta, og vi vil ikkje kome sist i mål.

Det seier Britt Berg Madsen som til dagleg jobbar på biblioteket i Florø, men er og fylkesleiar for Norsk Bibliotekforeining.

Siri Ingvaldsen og Anja Angelskår Mjelde

TEK UTFORDRINGA: Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen og spesialbibliotekar Anja Angelskår Mjelde ved Fylkesbiblioteket arbeidar med å innføre e-bøker i biblioteka i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Betre for funksjonshemma

– Nokre likar å halde den fysiske boka i handa. Slik vil det alltid vere. Men det kan vere folk som har problem reint fysisk med å bla i ei bok. Det kan vere folk med synsvanskar som no kan regulere skriftstorleiken på eit lesebrett.

Ho fryktar vi skal hamne i ei litterær og digital bakevje om ikkje nokon tar ansvar.

– Eg har veldig stor tru på Fylkesbibilioteket. Dei kan vere ein koordinator som går i bresjen. Dei har større tyngde og meir kontaktar enn det vi i Norsk Bibliotekforeining har. Vi er trass alt ein interesseorganisasjon, seier Berg Madsen.

Tek utfordringa

– Eg svarar at vi sét pris på det innspelet dei har kome med. Dette er ein viktig sak for biblioteka, og tida er absolutt inne for å ta tak dette, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.

Ho seier dei allereie er i gong med å finne ut av dette.

– Vi skal ikkje hamne i bakevja. Bibliotekforeininga har jo vore redd for at dette ikkje skal takast tak i før i 2015. Slik blir det ikkje. Dette har prioritet hjå oss, og som vi jobbar med.

Siri Ingvaldsen

VIKTIG: Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen meiner det er på sin plass at biblioteka i fylket tilbyr e-bøker.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men det står ei rekkje problem i vegen for å kunne låne ut e-bøker. Både juridiske, teknologiske og praktiske hinder, fortel spesialbibliotekar Anja Angelskår Mjelde ved Fylkesbiblioteket.

– Det krev ein del tekniske installasjonar før ein kan setje i gong med e-bok-utlån. Og så må ein sjølvsagt kjøpe inn e-bøker og få til avtaler med forlag. Eitt av problema er at ein med vanlege papirbøker har rett til å låne dei ut. Det har ein ikkje med e-bøker. Der er det andre avtaler som gjeld.

Fleire fylke i forkant

Nokre har altså greidd det, likevel. Fylke som Akershus, Rogaland og Oslo har hatt ulike prøveordningar. Britt Berg Madsen i bibliotekforeininga fortel om positive konklusjonar.

– Det siste eg høyrde var at nokre kommunar i Troms hadde prøvd det ut. Dei syntest det var utruleg spennande og at det var eit flott tiltak. Sjølvsagt vil vi også prøve.

For å få dette til i Sogn og Fjordane må alle biblioteka forplikte seg til å vere med. Og kommunane må spytte inn pengar.

Kjem an på pengar

Anja Angelskår Mjelde

PROBLEM: Spesialbibliotekar Anja Angelskår Mjelde peikar på både juridiske, teknologiske og praktiske hinder for e-bok i bibliotek.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi kan ikkje setje i gong med utlån i biblioteka utan at kommunane er med. Det blir eit spleiselag.

– Kor sikker er du på at kommunane vil prioritere pengar til dette?

– Eg er ikkje heilt sikker. Kommunane har mange utgifter. Om dei vil prioritere bibliotek og e-bøker er opp til den einskilde kommune. Eg håpar det skal gå neste år, seier Anja Angelskår Mjelde.