– MÅ DRIVE OPPDRETT PÅ EIN ANNA MÅTE: Filmskapar og sportsfiskar Kenneth Bruvik meiner det er oppdrettsnæringa som utgjer den største faren for sjøauren.
Foto: NRKSjøauren er i ferd med å forsvinne frå kysten og fleire av fjordane på Vestlandet.
– Eg er redd for at me om nokre år ikkje har sjøaure langs vestlandskysten, seier Kenneth Bruvik, sportsfiskar og filmskapar.
I den nye filmen «I skuggen av laksen» undersøker han tilstanden for sjøauren. Resultatet er ikkje oppmuntrande.
– Det riv meg inn i hjarterota. Det er ikkje greitt og eg godtek det ikkje, seier Bruvik.
Hovudproblemet er lakselusa
Forskar Tore Wiers frå Uni Research er også uroa for at det skal gå mot slutten for sjøauren i både Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.
I mange av vassdraga har sjøaurebestanden kollapsa, seier Wiers.
Både utbygging, og ulike typar forureining trugar sjøauren. Men det er ein syndar, lakselusa, som gjev størst grunn til uro.
– Det er heilt klart lakselusa som utgjer den største faren, fortel Wiers.
INNRØMMER ANSVAR: Ola Helge Hjetland i Marine Harvest meiner næringa ikkje kan vekse vidare før lakselusproblemet er løyst.
Foto: NRKHan seier dei fleste av fiskane som ber på denne lusa kjem frå – oppdrettsnæringa.
LES OGSÅ:
– Oppdrettsnæringa truar sjøauren
I filmen «I skuggen av laksen» peikar Bruvik på at sjøauren har det langt betre i Oslofjorden. Der finst det ikkje oppdrettsanlegg.
Han meiner det er måten me i dag driv oppdrett på som utgjer den største faren.
– Me må produsere fisk på ein anna måte, seier Bruvik.
Innrømmer ansvar for luseproblemet
På Vestlandet ligg oppdrettsanlegga tett. Havbruksnæringa hadde i fjor ein eksportverdi på 40 milliardar kroner.
VIL IKKJE STOPPE VEKST I NÆRINGA: Statsminister Erna Solberg trur det er mogleg å løyse lakselusproblemet, utan å stogge veksten i fiskenæringa.
Foto: NRKSelskapet Marine Harvest innrømmer at dei har eit stort ansvar for luseproblemet.
– Me tek ansvaret. Me meiner oppdrettsnæringa ikkje kan vekse vidare før me har løyst problemet med lakselus, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland.
LES OGSÅ:
Vil ikkje stoppe veksten i næringa
Regjeringa trur det er mulig å bli kvitt lusa, samstundes som at næringa veks seg større.
– Eg meiner me kan løyse dette. Då trur eg me kan sjå like raskt vekst som me har sett til no, seier Erna Solberg.
Men noko konkret løysing på lakselusproblemet har regjeringa førebels ikkje i sikte.
LES OGSÅ: