– Ein av dei største naturkatastrofane i nyare tid

Verdifull urskog vert ofra for å gje skogsarbeidarane noko å sysle med, seier norske botanikarar. – Kan ikkje berre tenkje vern, svarer landbruksdepartementet.

Anders Helle feller Siktagran på Silda

KRITISK: Anders Helle i Norsk botanisk foreining er kritisk til at skognæringa får støtte til å drive hogst av gamalskog.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Vi har berre att 2,8 prosent av den biologiske gamalskogen, og denne er vanlegvis verna frå hogst, seier talsperson Anders Helle i Norsk Botanisk Forening.

Han kallar regjeringa si krisepakke til skognæringa for «ein av dei største naturkatastrofane i nyare tid».

Krisepakka på 58 millionar kroner skal stimulere til hogst i skog som elles ville stått i fred. Til dømes i bratt og ulendt terreng, eller der ein må køyre langt med traktor for å kome til.

Botanikarane meiner resultatet er at verdifull urskog ofrast for å gje skogsarbeidarane noko å sysle med.

Og at livet i desse skogane vil gå tapt med dei.

– Det er stort og smått og som bur i desse skogane. Krypande, veksande og nedbrytande. Alt frå sjeldne soppar til vakre biller, seier Helle.

Stemingsfull eventyrskog i Nordmarka
Foto: Bård Løken

– Kan ikkje berre tenkje vern, må også tenkje næring

Men statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Widar Skogan (KrF) er ikkje samd i at støtta deira til skognæringa trugar gamalskogen.

– Under koronakrisa går behovet for trevirke ned, og då har vi gitt pengar for å hjelpe skognæringa ut av denne krisa. Vi kan ikkje berre tenkje vern; vi må også tenkje næring, seier Skogan.

Han understrekar at reglane for vern av skog er dei same no som før koronakrisa.

– Vi har tilvekst av skog her i landet, og dei siste åra har også delen som utgjer gamalskog vore aukande. Det er positivt, og det er positivt at vi har ei skognæringa som er i vekst og som sysselset folk i distrikta, seier statssekretæren.

Vil heller gje støtte til å bli kvitt «pøbelgrana»

Helle og botanikarane forstår behovet for å gje næringsstøtte til skogsnæringa, men dei har ei anna løysing som dei meiner regjering istaden burde ha gått for.

– Regjeringa kunne ha gitt koronastøtte til hogst av framande skogartar, som til dømes sitkagrane ute på kysten. Då hadde ein støtta skognæringa, samstundes som ein gjorde noko som var bra for artsmangfaldet i skogane våre.

Den berykta tresorten sitkagran, også kalla «pøbelgran», er eit stort trugsmål mot naturmangfaldet langs kysten av landet, meiner Helle.

– Kysten vår gror att av framande artar, så ei støtte til å fjerne desse ville vore veldig positivt.

Men heller ikkje det vil statssekretæren frå KrF gå med på.

– Sitkagrana er ein veldig god tretype, mellom anna fordi ho bind veldig mykje karbon. I eit klimaperspektiv treng vi sitka, og det er positivt at vi no har tilvekst av denne tresorten.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.11.2020
2 500
Siste uke
121
Innlagt
328
Døde