Fryktar at psykiatrien skaper sjølvmord

Eitt av tre sjølvmord blant pasientar ved Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen skjer innan tre månader etter at dei har blitt skrivne ut. – Kanskje behandlinga ikkje hjelper alle suicidale pasientar, men tvert om gjer at nokre mistar håpet, seier psykiater.

Siri Nome og Sandviken psykiatriske sjukehus

– ME SVIKTAR: Psykiater Siri Nome har jobba i 26 år ved Sandviken psykiatriske sjukehus, og ho fryktar suicidale pasientar ikkje får den hjelpa dei treng medan dei er innlagt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK/montasje

Siri Nome har jobba ved Sandviken psykiatriske sjukehus i 26 år, tre år som sjefslege, og har dei siste 15 åra jobba som leiar for Helse Vest sitt kompetansesenter for tryggleikspsykiatri.

Psykiateren er svært uroa over at kvart tredje sjølvmord skjer mindre enn tre månadar etter at pasienten vart skriven ut frå Sandviken psykiatriske sjukehus.

– Det er ganske skrekkeleg for oss, me sviktar. Me skjønar oss kanskje ikkje heilt på korleis dei har det, og det kan bli fatalt, seier Nome.

Ho er også uroa for at mange vert skrivne ut for tidleg.

– Dei blir jo det, og me har ikkje skjøna kor farleg situasjonen var då. Det er ille, me må gjere noko med det. Dei må passast betre og overvakast betre, seier ho.

Mista dottera

Hilde Silden Johannessen

DØYDDE I FJOR: Hilde døydde 19 år gamal, medan ho var innlagt på Sandviken psykiatriske sjukehus.

Foto: Privat

Dottera til Randi E. Johannessen døydde medan ho var innlagt på Sandviken psykiatriske sjukehus. Hilde blei berre 19 år gamal.

Både dottera og foreldra kjende seg trygge kvar gong dottera var innlagt.

– Eg trur nok at sjølvskadinga til Hilde auka når ho var innlagt, fordi ho visste det var trygt der. Ho visste ho ville bli funnen, seier Randi E. Johannessen.

– I Hilde sitt tilfelle, der ho fekk diagnosen schizofreni, så er det ein sjukdom som det er mange fordommar mot, og det gjer det vanskelegare å leve med ein slik diagnose, seier Randi.

Til slutt gjekk det gale, og Hilde vart ein av mange psykiatripasientar som tar sitt eige liv medan dei er innlagt, eller like etter at dei er skrivne ut frå sjukehuset.

(Saka held fram under videoen)

Eitt av tre sjølvmord blant pasientar ved Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen skjer innan tre månader etter at dei har blitt skrivne ut. – Kanskje behandlinga ikkje hjelper alle suicidale pasientar, men tvert om gjer at nokre mistar håpet, seier psykiater.

EITT ÅR SIDAN: Dottera til Randi E. Johannessen døydde medan ho var innlagt på Sandviken psykiatriske sjukehus i fjor. Randi trur sjølvskadinga til Hilde auka medan ho var innlagt.

– Folk mistar motet

Det er ille når folk har hatt ein del innleggingar, og så endar dei med å ta sjølvmord, mistar motet eller håpet. Det er medmenneske me sviktar.

Siri Nome

Neste veke forsvarer Siri Nome si doktorgradsstudie om mellom anna dobling av pasienttalet, og om ei markert auke i både naturlege og unaturlege dødsfall blant stadig yngre pasientar.

– Det gjeld alle aldersgrupper. Det er veldig mange unge som tar livet sitt, men det er ikkje noko som sluttar etter nokre unge år, for talet er ekstra høgt for pasientar i 30- og 40-årsalderen, seier Nome.

Nome seier ho ser på det som ekstra alvorleg at pasientar tar sjølvmord i litt meir voksen alder, og ho seier ho er redd behandlinga pasientane får ikkje er til hjelp for dei.

– Eg er redd at det kan vera meir det motsette, at folk mistar motet. Det tenker eg er nesten psykiatrien sin fallitt, på ein måte. Me har hatt ein god del slike tilfelle, og det er ikkje bra, seier Nome.

– Dette høyrest ut som fagleg sjølvransaking, frå di side?

– Det er ille når folk har hatt ein del innleggingar, og så endar dei med å ta sjølvmord, mistar motet eller håpet. Det er medmenneske me sviktar, seier Nome.

– Vi tar det på alvor

– Dette er ein reell problemstilling som vi tar på alvor, seier fagsjef Else Marie Løberg for psykisk helse i Helse Bergen.

Ho vil ha trygging på fleire nivå i utskrivingsfasen og meir bruk av ambulanseteam som gir tett oppfølging heime

– Samstundes er det viktig å evaluere den nedbygginga av sengepostane som har gått føre seg. Kva effekt har det hatt? spør Løberg.

Ho avviser at dagens psykiatriske behandling skapar håplause.

– Tal og forsking syner tvert i mot at det er i fasen der ein går ubehandla at pasienten mistar håpar om ei framtid, at sjølvmordsfrekvensen er størst. Det er eit paradigmeskifte innan psykisk helsevern, der ein også innanfor dei mest alvorlege lidinga fokuserer på betringsprosessar og håp.

- Det å gi håp er ein del av den forebyggande behandlinga. Målsettinga er ikkje berre å dempe symptoma i krise, men å komme tilbake til arbeid og familieliv. Å faktisk bli frisk, avsluttar Løberg.