Hopp til innhold

Fryktar at liv kan gå tapt

Naudhjelpsentralen AMK har ikkje full oversikt over kvar Norsk Luftambulanse har sine 260 hjertestartarar i Norge.

Hjartestartar

Støt frå dette apparatet kan berge liv, men AMK-sentralane har ikkje like god oversikt over kvar dei er.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Apparatet kan vere avgjerande når eit hjarte har stogga. Generalsekretær Steinar Sørlie i Norsk Luftambulanse stadfestar at AMK har variert kjennskap til den lokale, friviljuge beredskapen.

- Nokre AMK-sentralar er betre enn andre, og det er ikkje utenkeleg at det også avheng litt av personar korleis det blir følgt opp, seier generalsekretær Steinar Sørlie i Norsk Luftambulanse.

Blir ikkje brukt

Synnøve Melvær er leiar for beredskapsgruppa på Værlandet. Ho meiner dei kunne hjelpt fleire dersom alle på naudhjelpsentralen AMK hadde visst at dei eksisterte. For når eit hjarte stoggar, tel kvart einaste sekund.

- Det er ikkje alle som veit at hjartestartargruppene finnast kring om i fylket. Då blir vi ikkje brukt i alle situasjonar der vi kunne vore til god hjelp, seier Melvær.

- AMK må ta tak

No meiner Sørlie at AMK-sentralane må ta tak.

- Alle sentralane bør ta ein liten gjennomgang og sikre at alle operatørar kjenner til at denne beredskapen finnast. I verste fall kan liv gå tapt, seier Sørlie. Leiar for AMK i Helse Førde, Øyvind Dale, meiner at dei har god oversikt over hjartestartargruppene i Sogn og Fjordane.

- Tek tid

Dale seier det med dagens system tek tid å få tak i folk. Han vedgår at det finnast system som er meir effektive. Istadenfor å byrje øvst på lista kan fleire få beskjed på same tid.

- Då kan ein jo ringe opp 50 personar samstundes og gje same meldinga til alle. Den vil vi sjå på etterkvart, seier han.