Hopp til innhold

Fryktar at denne villreinen kan ha skrantesjuke

Reinsbukken vart observert på Hemsedalsfjellet fredag, og har ikkje blitt funnen att sidan. – I verste fall kan det vere symptom på skrantesjuka, seier Runar Bjøberg i Filefjell tamreinlag.

Sjuk reinsbukk

SYMPTOM: Reinsbukken på grensa mellom Hemsedal og Lærdal hang med hovudet, sleva frå munnen og var mindre redd for menneske enn villrein vanlegvis er. Ser du dyr med slike symptom bør du melde inn til Statens naturoppsyn (SNO) i ditt område.

Foto: Runar O. Sletten Bjøberg

Runar Bjøberg i Filefjell Tamreinlag passar på at villreinen ikkje kryssar riksveg 52 på Hemsedalsfjellet, inn i tamreinen sitt område.

Medan han var på slikt oppdrag sist veke, møtte han på ein reinsbukk med symptom reingjetarane helst ikkje vil sjå.

– Me sat i solveggen på ei jakthytte då me høyrde dei. Då eg reiste bort til fjelltoppen der reinane var, stod der ein einsleg reinsbukk. Eg såg med ein gong at ikkje alt var som det skulle, fortel Bjøberg.

Då Bjøberg nærma seg med skuteren sprang reinsbukken nokre hundre meter. Neste gong han kom nære, stod bukken i ro.

– Bukken hang med hovudet og sleva, og var ikkje i form. Til slutt snudde den seg og sparka i bakken med framføtene. Den oppførte seg ikkje normalt.

Den dødelege skrantesjuka, Chronic Wasting Disease, vart påvist på tre villreinar i Nordfjella i 2016. Sjukdommen er ifølge forskarar ei enorm miljøutfordring.

– Eg tenkte alt det i verste fall kan vere ein skrantebukk. Men det er ikkje sikkert.

Kan ikkje vite sikkert utan prøver

Statens naturoppsyn har vore ute saman med Runar Bjøberg for å leite etter den sjuke reinen. Dei har enno ikkje funne bukken.

– Det er mogleg at han har døydd, men den kan også ha gått langt sidan den vart observert. Vi vil nok ikkje leite meir etter akkurat denne bukken, men det er mogleg at vi fangar den opp om den framleis går i området og skil seg ut frå dei andre, seier Kristoffer Ullern Hansen i Statens naturoppsyn.

Dei følger tettare med på reinsflokkane i Nordfjella no enn før, i håp om å fange opp sjuke dyr.

– Reinsbukken synte teikn som liknar på CWD-symptom. Slik sett er det godt mogleg at det er det han har. Men det er umogleg å seie utan svar på ein prøve, seier Kristoffer Ullern Hansen.

Alle tilfella av CWD på villrein har vore på dyr i sone 1 i Nordfjella. SNO held også oppsyn med plassane der reinen brukar å krysse fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland, for å prøve å halde dyra i sone 1 og 2 frå kvarandre.

SNO ynskjer tips om folk observerer villrein i dette området.

Får løyve til å avlive sjuke dyr dei ser

Etter at Runar Bjøberg såg reinen har Filefjell tamreinlag fått løyve frå Miljødirektoratet til å avlive sjuke villreinar om dei møter dei i fjellet, skriv porten.no.

– Det er veldig viktig at vi fekk den tillatelsen. Det går for lang tid frå vi melder ifrå til SNO er på plass. Skal vi avgrense smittefaren må vi ta dei sjuke dyra med ein gong vi ser dei, seier Bjøberg.