Hopp til innhold

Uroa for at båt forliste i Førdefjorden

Det blei leita med store styrker etter ein båt i Førdefjorden. Vitne frykta at båten hadde forlist.

Leitar etter båt som kan vera kantra

NAUDETATAR: Alle naudetatane var på plass for å søke etter båten.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ein person på land såg ein båt som brått forsvann ved Nedre Helle mellom Naustdal og Vevring på Førdefjorden.

– Klokka 9.30 kom det melding om ei 14 til 15 fots båt som skulle vere i trøbbel på Førdefjorden, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Det blei leita i fleire timar med både båt og redningshelikopter utan noko funn.

Hovudredningssentralen på Sola opplyser at redningshelikopteret avslutta søket på grunn av uvêret som er venta på Vestlandet.

Politiet avslutta sitt søk og reiste heller rundt for å høyre om lokalbefolkninga hadde sett eller høyrt noko.

Til slutt kom politiet i kontakt med føraren av båten som blei observert. Mannen i 20-åra visste ikkje noko om leiteaksjonen, og seier han måtte snu på grunn av dårleg vêr i området.

Helikopter leitar etter mogleg kantra båt

HELIKOPTER: Helikopter var med i søket.

Foto: Solveig Svarstad / nrk
Laster Twitter-innhold