Hopp til innhold

Frykta lekkasje av hemmeleg militær-info i avgjerande KNM «Helge Ingstad»-rapport

Det oppstod uro i Forsvaret då Havarikommisjonen skulle sende ut den endelege KNM «Helge Ingstad»-rapporten på høyring.

KNM Helge Ingstad ved Ågotnes

SKAL HOGGAST OPP: Eit firma på Askøy fekk nyleg kontrakten på opphogging av fregatten KNM «Helge Ingstad».

Foto: Alrik Velsvik / Sindre Skrede / NRK

Ei novembernatt for litt over to år sidan kolliderte krigsskipet KNM «Helge Ingstad» med oljetankaren «Sola» i Hjeltefjorden utanfor Bergen.

Til alt hell overlevde alle den kraftige kollisjonen, men skipa fekk store skadar. Det gjekk verst ut over fregatten, som fekk store flenger langs skutesida og sokk etter kort tid.

Statens havarikommisjon la fram ein førebels granskingsrapport eit par veker etter kollisjonen. Om lag eitt år seinare kom den første delrapporten, som handla om det som skjedde fram til kollisjonen.

Ny rapport om grunnstøytinga

No nærmar det seg at Havarikommisjon skal legga fram den andre og siste delrapporten etter skipskollisjonen. Den skal sjå på kva som skjedde etter kollisjonen.

Statens havarikommisjon for transport overtok granskingsansvaret for militære ulykker i juli 2020. Før Ingstad-ulykka har dei hatt lite erfaring med hemmelegstempla informasjon i sine granskingar.

I samband med denne granskinga har dei fått tilgang til store mengder sensitiv opplysningar. Det kan til dømes vera informasjon om sjølve skipet, utstyret om bord eller andre forhold.

Før den endelege rapporten blir offentleggjort skal eit utkast på høyring til ulike partar. Blant desse er det også fleire sivile og kommersielle aktørar.

Kalla inn til møte

I slutten av november såg leiinga i Forsvaret det naudsynt å kalla inn til eit møte for å gå gjennom kva informasjon som kunne delast, og kva som måtte haldast hemmeleg.

I referatet går det fram at møtet kom i stand fordi det hadde «oppstått bekymringer i forsvarssektoren» om kva Havarikommisjonen hadde tenkt å senda ut.

Løysinga blei at delar av teksten blei sladda i forhold til kva som var relevant å ta stilling til for den enkelte part.

Dette er den første granskingssaka Havarikommisjonen har for Forsvaret, og det kjem fram i møtereferatet at det har vore ein læringsprosess å handtera sikkerheitsgradert informasjon.

KNM Helge Ingstad under vann

KOLLIDERTE I HJELTEFJORDEN: KNM «Helge Ingstad» gjekk til botns kort tid etter kollisjonen med ein oljetankar i november 2018.

Foto: Kystverket, Kystvakten/Forsvaret

– Konstruktiv dialog

– Forsvaret opplever dialogen med Statens havarikommisjon om skjermingsverdig informasjon som konstruktiv, skriv generalmajor Ingrid Gjerde i ein e-post til NRK.

Gjerde er sjef for planavdeling i Forsvarsstaben. Ho understrekar at Forsvaret ønskjer mest mogleg openheit rundt forliset, for å kunna førebyggja ulykker i framtida.

Samtidig påpeikar ho at ein del opplysningar må haldast hemmeleg, for å unngå at potensielle motstandarar utnyttar detaljar om militære sårbarheiter.

– Nasjonal sikkerheitsmyndigheit har avklart prinsippet om at det er «informasjonseigar» som fastset graderingsnivå og kan avgjera kven som får tilgang til informasjonen, slår Gjerde fast.

Skader på KNM Helge Ingstad

TOTALSKADD: Fregatten fekk store skadar, blant anna i skutesida.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Størst mogleg grad av openheit

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i sjøfartsavdelinga i Havarikommisjonen seier det er tydeleg lovregulert at ein del opplysningar ikkje må koma vidare til uvedkomande.

– Når vi undersøkjer ulykker og alvorlege hendingar i Forsvaret vil det innebera å behandla skjermingsverdig informasjon. Dette blir gjort innanfor rammene av sikkerheitslova for å sikra dei nasjonale sikkerheitsinteressene, opplyser Liseth til NRK.

Han viser til at dette er ei relativt ny problemstilling for kommisjonen, etter at dei overtok ansvaret for forsvarssaker i fjor sommar.

– Skjermingsverdig informasjon må handterast frå gong til gong. Det at Nasjonal Sikkerhetsmyndighet, Forsvaret og Havarikommisjonen er i dialog om dette no, betyr at alle partar ser at det er viktig å publisera ein truverdig offentleg rapport, med størst mogleg grad av openheit, seier Liseth.

Kommisjonen får i desse dagar inn dei siste høyringssvara. Avdelingsdirektøren reknar med at dei treng heile februar til å gjennomgå det som har kome inn.

– Rapporten kan tidlegast bli offentleggjort i løpet av mars, opplyser han.