– I verste fall må eg vurdera om eg kan fortsetja i jobben, sa Arnhild Hovland til NRK tidlegare i år.
Ho bur på Tysnes, som har vore truga av kraftig kutt i ferjetilbodet til Stord frå nyttår. Kuttet i talet på avgangar ville råka mange pendlarar morgon og ettermiddag.
– Det er ei rasering av ferjetilbodet, som har stor påverknad på samfunnet. Vi er heilt avhengige av desse ferjene, sa Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) til NRK onsdag.
Årsaka til kuttet i avgangar er at el-ferjene som skal innførast på sambandet må ha tid til å lada. Onsdag konkluderte fylkesrådmannen med at det ville kosta 80 millionar kroner ekstra å behalda dagens rutetilbod også frå 2020, og at det dessutan ville blitt juridiske problem.
Men ved å legga 20 millionar kroner ekstra i potten, kom fylkespolitikarane torsdag fram til ei løysing som gjer at Hovland og dei andre Tysnes-pendlarane berre mister éin avgang om dagen i staden for fem.
– Eg er veldig letta over vedtaket. Om det hadde gått andre vegen, måtte eg enten ha vurdert jobben min eller kvar eg skulle budd, seier Arnhild Hovland.
Meir biodiesel
Løysinga inneber at ferjene skal gå på biodiesel litt oftare enn planlagt. Det forsvarar politikarane med viktigheita av samferdsletilbodet.
– Ferja er vegen for veldig mange, seier Benthe Bondhus (Sp).
Silja Ekeland Bjørkly (H) vedgår at prosessen ikkje har vore god.
– Eg synest ikkje me har gjort ein god nok jobb, men nett no trur eg me har gjort det me kunne for å sikra tilboda i distriktet. Dette var så godt me kunne få det, seier ho.
Håpar ny teknologi skal betra tilbodet
Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er nøgd med å unngå mesteparten av det varsla kuttet.
– Det er ikkje slik som tilbodet er i dag, men det er ei vesentleg betring samanlikna med slik me trudde det skulle bli, seier han.
– Eg håpar me framover kan jobba vidare med å få midlar til å utvikla teknologien, få betre batteri og ladesystem, og på sikt få tilbake rutetilbodet slik det er i dag.
- Bakgrunn: