Hopp til innhold

Frykta dyster sesong for hotella – nordmenn skapar uventa opptur

Koronasituasjonen til trass, på Walaker Hotell i Sogn har dei travle dagar. Ifølgje NHO Reiseliv er det store skilnader på kor hardt stengde grenser råkar overnattingsbedriftene.

Ole Henrik Nitter Walaker
Foto: Bård Siem / NRK

– Vi er så heldige at vi har full fart. Men vi tenkjer på kollegaer som ikkje får gjester, seier hotelleigar Ole Henrik Nitter Walaker.

Koronapandemien har sett ein effektiv stoppar for utanlandske turistar, men hotellet ved Sognefjorden har lukkast i å lokke nordmennene til seg.

I juli månad har hotellet budsjettert med ein omsetnadsauke på 15 prosent sett opp imot juli ifjor.

Nordmennene som kjem til hotellet legg igjen meir per person enn dei utanlandske turistane, ifølgje Walaker.

– Besøket i år har vore ganske bra. Vi har bytt ut dei utanlandske gjestene med berre norske. Vi er godt nøgde.

Best hjå dei små

Ifølgje NHO Reiseliv råkar koronakrisa næringa svært ulikt.

– Det er mange som planlegg å besøke Sørlandet, Lofoten og til dels Vestlandet. Spesielt små hotell, hytteutleige og campingplassar opplever bra pågang, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Kristin Krohn Devold NHO Reiseliv

RÅKAR ULIKT: – Camping, små hotell og tradisjonelle sommardestinasjonar vil ha ein grei sommar, men mange reiselivsbedrifter vil slite i lang tid, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv,

Foto: Per Sollermann / NHO Reiseliv

For ein del av byhotella ser det derimot dystert ut.

– Fleire av byhotella er heilt avhengige av konferanse- og forretningsmarknaden, som no er heilt stengt. Om ein legg til at utlendingane er vekke i år, blir det ein veldig dramatisk situasjon.

Betre enn venta

I fjor opna Quality Hotel Sogndal dørene til ein ny hotellfløy til ein verdi av 200 millionar kroner. Eit drygt år seinare gjorde koronapandemien at dei måtte stenge dørene. Då dei i starten av juni fekk starte opp att, visste dei om lite kva dei hadde i vente.

– Det er betre enn det vi kanskje forventa, seier hotelldirektør Jørgen Chrisitan Lindstrøm.

Jørgen Christian Lindstrøm, direktør ved Quality Sogndal Hotell med handsprit.

TILPASSAR SEG: Hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm ved Quality Hotel Sogndal seier dei har tilpassa seg forholda. Handsprit er ein del av rutinen.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Hotellet har no kring 180 til 200 gjester per døgn.

– Det er vi rimeleg nøgde med ut frå utgangspunktet vi har hatt.

Ved Kviknes Hotell i Balestrand har pågangen vore så stor at dei har sett seg nøydde til å setje eit tak på kor mange gjester dei kan huse.

– Det er veldig god etterspurnad akkurat no. For fellesferien ser det veldig bra ut i høve ambisjonane om kva belegg me kan ha, seier Sigurd Kvikne.

Sigurd Kvikne Kviknes Hotel

MÅTTE SETJE TAK: Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotell seier dei har hatt grei pågang frå norske gjester i sommar.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Sjølv om kapasiteten er god, gjer karantebestemmingar for utanlandsk personale, i tillegg til restriksjonar for avstand og buffé, at dei kontinuerleg må vurdere kor mange gjester dei kan ta imot.

– Ser ein på tala isolert sett, med tanke på belegg, er omsetnaden per gjest veldig positiv.

Han er likevel spent på kva som ventar dei når fellesferien er over, og kva stoda då er for booking av kurs og konferansar.

Usikker haust

Hotell Walaker har husa gjester gjennom krig og kriser i 380 år. Då landet stengde ned i mars, frykta dei likevel at den største krisa låg føre dei.

– Då gjekk alle førehandsbestillingane i vasken. Hadde vi ikkje fått reise i eige land samtidig som vi ikkje kunne ta imot utanlandske gjester, ville det vore svart hav for oss, seier Nitter Walaker.

Hotellet er fullbooka fram til midten av august, men hotelldirektøren er spent på korleis tida framover vil bli for næringa.

Krohn Devold fryktar august kan bli ein tung månad for fleire aktørar.

– For ein del overnattingsbedrifter ser juli betre ut enn juni. Men når fellesferien er over, stoppar det. August ser bekmørk ut for mange.

Ho viser til at fleire vil slite i lang tid.

– Serveringsstader må drive med avstands- og antalsbegresningar, og både utanlands- og konferansemarknaden vil ikkje opne på ei stund. Dette vil stå att som ein veldig tøff sommar for reiselivet.