Opphavleg var kystlinja mellom Botnane og Årebrot del av arealplanen for Bremanger kommune. Men etter press frå fylkeskulturavdelinga vart området teken ut av planen, og verna på grunn av rullesteinstrender og gravrøyser. Det seier ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.
Godtek ikkje vern
Verneplanane har skapt frustrasjon blant grunneigarar i Botnane, som heller ikkje fekk delta på fylkeskulturavdelinga si synfaring i området. Kåre Øvrebotten seier han ikkje kan godta at alt han eig i området blir verna.
Ordføraren i Bremanger trur det nye fokuset på bruk og vern likevel vil gjere Botnane levedyktig, sjølv om bygda er verna.
Store kulturverdiar
Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur, seier dei ikkje går inn for å verne meir enn det som blir automatisk verna. Men det er store kulturverdiar i Botnane, påpeikar ho.