Hopp til innhold

Han er redd for dårlegare tilbod etter omlegging av frisklivssentralen i Flora

Brukarane av tilbodet til frisklivssentralen i Florø er oppgitt over at kommunen no har fjerna ei av to stillingar og overlet til private aktørar å drive med trening og oppfølgjing.

Øystein Hjertenes

REDD FOR DÅRLEGARE TILBOD: Øystein Hjertenes er ein av brukarane av frisklivssentralen i Flora.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frisklivssentralen i Florø følgjer opp alt frå kronisk sjuke unge til eldre med fysiske og psykiske plager.

Hjartesjuke Øystein Hjertenes fryktar at endringane vil gå ut over helsa til dei mange brukarane av dagtilbodet.

– Det vi har fått vite er at det ikkje skal halde fram som no. Det blir annleis, og eg er veldig redd for at det blir eit dårlegare opplegg.

Nær 100 brukarar

Den kjende fotball- og sjakkentusiasten Øystein Hjertenes fekk hjartesvikt i vaksen alder, og han er ein av brukarane av treningstilbodet til frisklivssentralen.

Og han er ikkje åleine om å vere uroa. NRK har vore i kontakt med fleire av brukarane, og tonen er samstemt. Dei aksepterer ikkje at kommunen har fjerna ei av to stillingar, og at private aktørar no skal ha ansvaret for å gjennomføre trening og oppfølging.

Nær 100 brukarar blir råka av endringane. Dei fryktar at dei vil miste den nære oppfølginga dei har hatt både på det fysiske, og ikkje minst det psykiske.

Dette er alvorleg, meiner Hjertenes.

– Alle snakkar positivt om tilbodet, om kor godt det er og kor kjekt det er og kor godt det gjer. Eg veit ikkje kva som vil skje om det forsvinn. Eg ser iallfall veldig mørkt på det om så skulle skje.

– Tilbodet blir endra


NRK har vore i kontakt med Geir Giil som sit att åleine som tilsett i frisklivssentralen. Han vil ikkje kommentere det som no skjer. Saman med ein kollega var han pådrivar for å starte det populære tilbodet.

Kollegaen har no teke permisjon frå kommunen. Tenesteleiar for helse i Flora kommune, Anita Norstrand, stadfestar at tilbodet blir vesentleg endra for brukarane.

– Frisklivssentralen skal vere ein aktør som skal få andre kommersielle aktørar til å drive tilbod, vi då kan bruke tilsette på ein betre måte og drive frisklivstilbod innan til dømes psykiatri og rus i tillegg.

Anita Norstrand

- BETRE UTNYTTING: Tenesteleiar Anita Norstrand seier kommunen vil bruke dei tilsette på ein betre måte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Forstår frustrasjonen

Tenesteleiaren har likevel forståing for at brukarane er frustrerte over at dei ikkje lenger vil ha to nærståande rådgjevarar å halde seg til.

– Det er klart at eg har forståing for frustrasjonen, for når ein ikkje heilt veit kva ting inneber så blir det opplevd som ein frustrasjon. Men vi ser at vi får betre utnytting om vi gjer det på denne måten. Då femner vi om fleire grupper. Det er det som er intensjonen med frisklivssentralen.

– Vinn vinn-situasjon


Tilbake på kafeen i Strandgata helsar Øystein Hjertenes stadig på andre florøværingar og forklarar kvifor han blir intervjua. Dette er tydeleg ei sak som opptek florøværingane. Hjertenes er tydeleg på at tilbodet gjennom frisklivssentralen er noko kommunen bør prioritere vidare.

– Det kan ikkje vere nokon stad ein får meir att for pengane enn ved å gjere godt førebyggande arbeid, slik det er her. Det offentlege er ofte verdsmeister på å kome springande med pengar etter at helsa til folk er øydelagd, etter at skaden har skjedd.

– No prøver vi å vinne kontroll over vår eigen kvardagssituasjon, og det må vere ein vinn vinn-stiuasjon for oss og det offentlege.

– Treng ein person dei har tiltru til

Harald Munkvold

- VIKTIG MED TETT OPPFØLGING: Harald Munkvold var med på å sette i gang Aktiv på dagtid i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Harald Munkvold starta i si tid Aktiv på dagtid, eit tilbod som er utgangspunktet for frisklivssentralane. Han seier det er negativt dersom tilbodet i Flora blir redusert.

– Vi ser det gong på gong: Er det noko som skal skjerast ned på så er det tilbod om fysisk aktivitet. Vi ser at det same er diskutert i Førde med Aktiv på dagtid.

Munkvold seier at for mange brukarar er det svært viktig å ha ein person dei kan ha tiltru til. Dei treng langvarig og tett oppfølging.

– Vi har pasientar som treng ein til ein-kontakt over lang tid. Forsvinn den personen dei har opparbeid tiltru til, forsvinn også motivasjonen til å halde fram med treninga. Dermed blir sjansane til å kome tilbake til samfunnet mindre.

Han kjenner ikkje situasjonen i Florø inngåande, men synest det er synd dersom brukarane der no misser den personen dei har fått tiltru til.

– Alle har ein motstand i seg mot å vere fysisk aktiv. Dei dagane det buttar imot må det vere ein der som heiar og får dei i gang. Difor er tett og dagleg oppfølging kjempeviktig.