Frustrert huseigar: Politiet ville ikkje ransake etter pillefunn

Huseigar Connie Nybø fann utleige-leilegheita full i bos, rot og piller, men politiet ville ikkje kome og ransake.

ROT OG BOS: Då Connie Nybø var på inspeksjon i leilegheita ho eig, fann ho masse piller på golvet, i tillegg til rot, bos og cannabisolje.

ROT OG BOS: Då Connie Nybø var på inspeksjon i leilegheita ho eig, fann ho masse piller på golvet, i tillegg til rot, bos og cannabisolje.

Foto: Privat

Etter fleire episodar med mykje rot, skit og pillefunn, fekk Nybø nok av leigetakarane sine i fjor haust. Via advokat fekk dei beskjed om å rydde opp, eller flytte ut. Det enda med utflytting.

Den unge huseigaren i Florø fortel NRK om ei vanskeleg tid som utleigar. I september i fjor hadde ho fått løyve til å sjekke leilegheita, og synet som møtte ho var alt anna enn triveleg.

– Eg fann masse ulike piller rundt om på golvet og det lukta også sterkt av hasj i leilegheita. Eg fann også cannabisolje.

– Blir veldig bekymra

Etter den hendinga melde ho saka til politiet, men beskjeden var at det ikkje var grunnlag for ransaking eller etterforsking.

– Eg blir veldig ordlaus. Det har vore så mykje styr og politiet tar ikkje dette seriøst. Eg er eigentleg ikkje sjokkert, men eg blir veldig bekymra, seier Nybø.

Då det blei vaska ut av leiligheita, fann vi noko som gjorde at

Ho fortel også at då det var folk og vaska ut etter leigetakarane, så blei det funne noko dei oppfatta som mistenkeleg.

– Då ringde vedkomande til politiet for å høyre kva vi skulle gjere med det. Då fekk vi beskjed om å levere det på apoteket. Det var ikkje noko dei kunne gjere med det, seier Nybø til NRK.

Måndag delte ho frustrasjonen sin på Facebook og lokalt har posten hennar fått stor merksemd.

NRK har vore i kontakt med dei to som budde i leilegheita. Dei ønskjer ikkje å kommentere påstandane frå huseigaren.

Connie Nybø i Florø.

SINT HUSEIGAR: Connie Nybø opplevde møtet med politiet som frustrerande.

Foto: Privat

Politiet: For usikkert

Tenestestadleiar for politiet i Florø, Venke Hope, tek kritikken frå Nybø på alvor. Men ho strekar under at det blei vurdert nøye om dei skulle ransake husværet i september.

– Eg har undersøkt denne saka med våre betjentar og fått opplyst at politiet hadde fått sett bilete av nokre tablettar som ikkje openberrt var narkotika. Det blei vurdert av jurist at det ikkje var sannsynleg at det var eit straffbart forhold, seier Hope til NRK.

Cannabisoljen som blei funne, inneheld ikkje verkestoffet THC, og var dermed ikkje å rekne som grunn til å rykke ut, seier Hope.

Men ho forsikrar at politiet i Florø tek narkolovbrot på høgste alvor.

– Men korleis reagerer du på at huseigaren skal ha fått beskjed om å levere det som kanskje var narkotika til apoteket?

– Det er ukjend for dei betjentane eg har hatt høve til å snakke med i dag. Eg kan ikkje seie om det har vore sagt, men eg vil oppmode alle om å levere eventuell narkotika til politiet for destruksjon.